Hopp til innhold

Sogning livstrugande skadd etter

Ein mann frå indre Sogn blei livstrugande skadd etter å ha køyrd på ein elg i Slidre fredag kveld.

Kolliderte med elgokse

ALVORLEG SKADD Mannen i 50-åra blei livstrugande skadd då han kolliderte med ein elgokse på E16.

Foto: Ragnhild Sundheim

Politi, ambulanse, luftambulanse og brannvesen rykka ut til ulukka som skjedde på E16 ved Jarstad i Vestre Slidre.

Han blei flogen med luftambulanse til Oslo Universitetssjukehus. Ifølgje operasjonsleiaren ved Vestoppland politidistrikt var mannen åleine i bilen.

– Han sat ein periode fastklemd i bilen før vi fekk han laus, seier Kai Lyshaugen ved politiet.

Ifølgje vitne på staden, var mannen i ferd med å køyre forbi to bilar i 80-sona då ha trefte elgoksen. Politiet fekk melding om ullukka klokka 22 fredag kveld.