Hopp til innhold

Lite håp for Eid å berge plassen

Eid gjekk på eit nytt tap i dag. Trenar Frode Nord har ikkje mykje håp om at dei skal overleve i 3. divisjon.

Henrik Salveson gav Eid leiinga 2-0

SKÅRA: Henrik Salveson gav Eid leiinga 2–0 etter 31 minutt av 1. omgang.

Foto: Stig Høynes

Med sju poeng på 19 kampar og sju kampar igjen, må trenaren innsjå at dei nok ikkje er gode nok for denne divisjonen. I dag tapte dei 2–3 mot Sotra på heimebane.

– Eg kan ikkje forstå at det er så mykje håp igjen, seier han etter dagens kamp.

Lilleputtfeil

Han er skuffa etter tapet i dag. Eid leiar kampen med to mål fram til 34. minutt. Ove Balsnes og Henrik Salveson skåra måla for heimelaget. Men så fekk dei eit mål mot seg.

– Vi fekk ein forferdeleg dødball mot oss. Eg vil kalle det ein lilleputtfeil, seier han.

Laget mista litt i formasjonen og Sotra putta på eit mål til. Ved pause var stillinga 2–2. Nord seier dei starta betre i 2. omgang og fekk mange sjansar. Men dei klarte ikkje skåre på desse.

– Så får Sotra eit mål til i det 60. minuttet og dermed taper vi kampen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Eid -Sotra

TAPTE: Eid sine trenarar og spelarar deppar etter at Sotra snudde 0–2 til 3–2 på Eid Stadion. Til venstre Eid sin hjelpetrenar Magnus Sævik. Til høgre hovudtrenar Frode Nord.

Foto: Stig Høynes

Slit med rekrutteringa

Trenaren seier spelaren ikkje har gitt opp, men at dei manglar litt trøkk og guts.

– Vi taper for mange enkle duellar og har i fleire kampar slurva i den offensive delen.

Han seier det ser dårleg ut for vidare spel i 3. divisjon. No satsar han på at dei klarer å byggje eit nytt lag før neste sesong. Sjølv gir han seg som trenar, men har lyst å vere med vidare i fotballen.

– Vi har for mange spelarar som ikkje er godt nok trente og ikkje er tøffe nok. Vi slit også med rekrutteringa i kommunen. Det er for mange som gir seg når dei er ferdige på gutenivået.

Etterlyser meir aggresjon

Til kvar kamp må Eid hente inn spelarar som bur andre stader. På to av treningane i veka, er det berre seks-ti spelarar med.

– Det er tungt å jobbe i motgang, men vi har hatt lite problem i spelargruppa. Kanskje vi skulle hatt meir tempo og aggresjon, seier han.

Slik enda dei andre kampane

Det er også spelt fleire andre kampar i 3. divisjon for menn i ettermiddag. Dei enda slik:

  • Fyllingsdalen 2 – Tornado Måløy 5–0
  • Bergen Nord – Vik 2–3
  • Florø SK – Øystese 0–3
  • Saga – Radøy Manger 0–3
  • Voss – Stryn – 1–5
  • Årdal FK – Førde 2–1