Hopp til innhold

Sundby var raskast opp Bystien

Øyvind Heiberg Sundby frå Tjalve vann det aller første motbakkeløpet på den nye bystien i Førde.

Øyvind Sundby

VINNAREN: Motbakkeløparen Øyvind Sundby var raskast opp i dag.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Motbakkeløpet Førde Opp starta i Førde sentrum og enda på toppen av Hafstadfjellet, 706 meter over havet.

Han brukte 30:53 på dei om lag tre kilometrane i svært bratt terreng. Han kan ta med seg heim 20 000 kroner for beste tid.

– Eg var fin i kroppen, så eg følte det gjekk bra. Det var eit kjempearrangement til å vere første gong. Dei har gjort ein kjempejobb med løyper og alt, seier han til NRK.no rett etter å ha sprunge i mål.

Førde Opp

VANN KVINNEKLASSEN: Kirsten Melkevik frå Gular IL var raskast av kvinnene.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen

Best av dei lokale blei Marius Vedvik som spring for Gular IL, med tida 32:59. Ole Martin Erdal frå Førde tok tredjeplassen under dagens løp med tida 33:29.

Vinnaren i kvinneklassen blei Kirsten Marathon Melkevik frå Gular IL med tida 35:26. Også ho kan kan reise heim med 20 000 kroner.

– Eg er veldig nøgd. Eg har vore skadd i ni månader, så eg er veldig nøgd med å vinne her. Det var ei veldig krevjande og tøff løype.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nesten 1700 løparar stilte til start under Førde Opp laurdag. Løpet starta i Førde sentrum og enda på det 706 meter høge Hafstadfjellet. Det er første gong motbakkeløpet blir arrangert på den nye bystien.

SJÅ VIDEO: Stor stemning under motbakkeløpet Førde Opp.

Helgheim beste lokale kvinne

Merete Helgheim frå Gloppen tok 2. plassen med tida 39:03 og Malene Haukøy frå IL Høyang kom på 3. plass med 40:18.

Dei som kom på andreplass fekk 7000 kroner, 3. plass ga 5000 kroner og ein fjerdeplass 3000 kroner.