Klokka 23: 47 fredag fekk alarmsentralen i Florø melding om at ein brannalarm var utløyst i ein kombinert bustad- og forretningsgård i Sogndal. Vaktoperatør Frode Eide fortel at brannmanskap var på plass klokka 23.56.
– Etter at brannmanskapa hadde gått gjennom bygget kunne dei fatslå at det er det vi kallar ein "unødig alarm". Ein detektor har løyst seg ut, uvisst av kva grunn. Det var verken flammar eller røyk i bygget, seier Eide.