Hopp til innhold

Steinblokk rasa ned på fylkesveg 53

Eit stor steinblokk og nokre mindre steinar har rasa ned på fylkesveg 53 mellom Øvre Årdal og Holsbru.

Steinblokk på fylkesveg 53

RASA NED: Ei stor steinblokk sperrar det eine køyrefeltet på fylkesveg 53.

Foto: NRK.no-tipsar

Det største steinen skal vere mellom ein og halvannan kubikk. Statens vegvesen opplyser om at det er passering i det eine køyrefeltet.

– Personbilar kjem seg forbi, men ikkje større bilar. Entreprenør er på veg for å vurdere raset, seier Jan Erikstad ved vegtrafikksentralen i Lærdal.

Dei fekk melding om steinane klokka kvart over åtte fredag kveld. Erikstad veit enno ikkje om vegen vil bli heilt stengd.

– Entreprenøren må vurdere om det kan komme meir steinar ned, seier han til NRK.no.