Hopp til innhold

Nordstjernen besøkte Nordfjord på sin aller siste tur

På sin aller siste tur som cruisebåt, kom «Nordstjernen» i dag innom Nordfjord.

Nordstjernen

PÅ FJORDEN: Fram til mars var Nordstjernen det eldste hurtigruteskipet i drift. I dag ankra den opp i Nordfjorden.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Båten er på eit 13 dagar langt avskjedcruise som går frå Spitsbergen til Bergen.

Skipet blei bygd i 1956 og var det eldste hurtigruteskipet til mars i år. Etter det har båten fungert som cruiseskip. I dag kom båten innom Olden og Eid.

– Det var spesielt å sjå «Nordstjernen» liggje på fjorden her. Det er jo litt nostalgisk å sjå denne staselege og flotte båten, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo.

Møtte gjestene på kaia

Båten kunne ikkje leggje til kai, så dei om lag 100 passasjerane blei frakta med småbåtar. Ordføraren var på kaia og prata litt med folka. Kommunen hadde opna kyrkja og operahuset slik at gjestene kunne få ta ein kikk her.

– Det er eit flott og gamalt skip. Det var meste eldre folk om bord, og ei blanding av nordmenn og utlendingar, seier Bjørlo.

Kjem snart på TV

Laurdag kjem båten til Bergen og då ventar eit nytt liv som hotellskip ved eit verft utanfor Bergen.

14. oktober sender NRK1 eit program om den siste reisa til Nordstjernen som hurtigruteskip. NRK var med på den historiske ferda der entusiastar hadde sikra seg plass.