Hopp til innhold

Kjempa om den største fisken på havfiskefestival

Fiskarar frå heile landet har innteke Måløy i helga. Her går nemleg ein havfiskefestival av stabelen.

Det er om å gjere å få tak i flest og ikkje minst størst fisk i havet utanfor Vågsøy.

Fiskarane reiste ut tidleg i dag tidleg og hadde dagen på seg til å dra om bord mest mogleg.

Mange slitne fiskarar

Skipper Per Hennøy på Vester Junior har vore ute med ein del fiskarar i dag. Han seier det blei eit bra fiske.

– Vi kom over storsei, så trur eg alle blei temmeleg utmatta. Det har vore skikkeleg moro, trass avbrotne fiskestenger, seier han.

Ein av dei som har fiska er Kjetil Langvatn. Han er tidlegare noregsmeister i havfiske. I dag fekk han til saman 53 kilo fisk på kroken.

– Det gjekk ikkje så bra for meg i dag. Det var mykje sjø, så vi la oss i le. Vi fann nok ikkje den beste plassen, men drog opp mange typar fisk.

Aktivitetar heile helga

Men det er ikkje berre havfiskekonkurranse som står på programmet. Festivalen varer heile helga og kan lokke med fleire typar fiskekonkurranse og andre aktivitetar.