Hopp til innhold

Ved midnatt startar hjortejakta

Denne helga startar hjortejakta tidlegare enn nokon gong. Den voldsome auken av hjort i naturen gjer at jaktsesongen stadig har blitt utvida. Men det vekkjer også skepsis hos mange.

Ved midnatt startar årets hjortejakt. 
1. september e rekordtidleg for jakta som dei siste åri har vore større enn elgjakta. Me var med då sunnfjordingar freista å ta jegerprøven - i siste liten...

SJÅ TV-SAKA: Denne helga starta den rekordtidlege hjortejakta.

Denne veka er hektisk på mange skytebaner, når jegerane skal greie skyteprøva. I Kråkenesmarka i Førde er det hard kamp om ledige blinkar.

For ved midnatt startar hjortejakta, og mange treng å avleggje skyteprøva før sesongen startar.

Skeptisk

Hjortejakta startar rekordtidleg, men Ann Iren Lefdal er ei av fleire som ikkje heilt veit om ho likar det.

– Eg veit ikkje heilt om eg ser poenget med å utvide jakttida. Det er betre å ha skikkeleg fokus når det står på. Kalvane er mindre og kanskje har bestanden gått litt ned. Difor er eg i tvil om det er rett, seier ho.

Av ein kvote i Sogn og Fjordane på heile 15 800 dyr i fjor vart berre noko over 10 000 skotne. Det gjer at jakttidene er blitt utvida. Også talet på jegerar har auka.

Dyrevernorganisasjonen NOAH er mellom dei som fryktar at den framskunda starten på hjortejakta kan føre til at mange kalvar vert morlause. Dei oppmodar jegerane om å vise etiske omsyn

(Artikkelen held fram under biletet)

Skyting i Kråkenesmarka

SKYTETRENING: Jegrane trenar for å klare skyteprøva.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Støttar tidleg jaktstart

Odd Flikke har vore jeger sidan han var liten og endå ein gong skal skyteprøva avleggast. For Flikke er det sosiale viktigaste, sjølv om han har vore med i mange år har han aldri skote særleg mange hjortar.

Men likevel støttar han ein tidleg jaktstart. Særleg for dei som går i fjellet der snøen kjem tidleg, kan det vere godt å kome i gang.

– Eg har jakta i terreng der det kom på snø tidleg, og vi hadde eit veldig press på oss. Sesongen blei veldig fort over.

Stor pågang

Ved skytebana ser dei at ikkje alle rekk å skyte opp før jakta startar. Arne Erdal er veteran i Førde skyttarlag og seier dei vil forbarme seg over etternølarane. Pågangen i år har vore enorm.

– Vi har hatt ein veldig pågang. Vi har ikkje hatt så mange tidlegare, fortel han.

Skal du på jakt i helga? Send gjerne inn eit bilete frå jakta til sf@nrk.no eller MMS til 1987 med kodeord SF.