Hopp til innhold

Han skaut blink med kamera

Midt under villreinjakta fekk Jan Christian Jerving frå Lærdal fulltreff - ikkje med børse, men med kamera.

Villrein i Lærdalsfjella

VILLREIN PÅ NÆRT HALD: Flokken var berre 50-60 meter unna.

Foto: Jan Christian Jerving

Sist helg var han på fisketur i statsalmenningen i Lærdal saman med ein kamerat. På veg heim trefte dei på ein flokk med mellom 15 og 18 reinsbukkar.

– Det var verkeleg eit flott syn med villrein som ikkje var lenge runna enn 50-60 meter, seier Jerving.

Jegeren fekk ikkje skyte

Han hadde kameraet klar, for dei hadde fylgje med ein reinsjeger og visste at det var sjanse for å møte dyr. Dermed fekk han inn fleire fulltreffarar, medan jegeren ikkje fekk løyst eit einaste skot.

– Han hadde løyve på dyr på statsalmenningen, men vi hadde kryssa grensa til privat grunn og gått eit par hundre meter over grensa då vi møtte på flokken.

Der hadde ikkje jegeren lov å skyte dyr, dermed kunne flokken kome seg unna utan at det låg att dyr.

Villrein i Lærdalsfjella

FLOTT SYN: Flokken har fått auge på menneska.

Foto: Jan Christian Jerving

Jakta starta 20. august

Men elles har det vore skote jamnt med villrein både i Nordfjella og elles i Sogn sidan jakta starta 20. august, seier Rein Arne Golf i Lærdal fjellstyre.

Han har ikkje fått inn tal frå jakta enno, men inntrykket er at resultatet er om lag som det plar vere.

– Det har vore varierande vêr, nokre gode dagar og nokre dagar med skodde og regn.

Villreinjakta varer i Nordfjella til 20. september, i resten av området til 30. september.

Villrein i Lærdalsfjella

TREKKJER UNNA: Flokken er på veg vekk frå ein potensiell fare.

Foto: Jan Christian Jerving