Hopp til innhold

Euro-krisa påverkar oss ikkje

Arbeidsløysa i Sogn og Fjordane gjekk ned siste månaden og er godt under nivået for eitt år sidan.

Tore Thorsnes

- GOD INNGANG TIL HAUSTEN: Direktør Tore Thorsnes i NAV.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Ved utgangen av august er det 1052 heilt arbeidsledige, for ein månad sidan var det 1111 og for eitt år sidan 1139 ledige.

– Ein reduksjon i arbeidsløysa på åtte prosent jamført med august i fjor gjev oss ein svært god inngang til hausten, seier direktør Tore Thorsnes i NAV.

Saman med Rogaland er Sogn og Fjordane det fylket som har færrast arbeidslause (1,9 prosent av arbeidsstokken).

– Ikkje grunn til å «blåse faren over»

Og sjølv om Hydro har fått merka krisa i Europa i form av låge prisar på aluminium så har ikkje krisa på kontinentet fått nemnande innverknad på arbeidsløysetala.

– Vi ser framleis ikkje teikn til at situasjonen i Europa påverkar oss negativt, men det er ingen grunn til å «blåse faren over». Vi vil følgje utviklinga tett framover, seier Thorsnes.

Men i nokre kommunar er talet på arbeidsledige på eit urovekkjande høgt og stabilt nivå. Det gjeld Bremanger med 4,2 prosent, Selje med 5,0 prosent og Vågsøy med 4,9 prosent. Noko av dette skuldast at det er 105 permitterte i fiskeindustrien.

I Flora har derimot arbeidsløysa gått ein god del ned. Der jobbar kommunen godt opp mot oljerelaltert industri. Talet på arbeidslause er redusert frå 237 i august i fjor til 157 no.

Vik er den kommunen som har lågast arbeidsløyse.