Hopp til innhold

Deponerte lausmassar i freda område - må betale bot på 5000,-

Grunneigar Herman Bremer på Hafslo er dømd til å betale 5000 kroner i bot etter ulovlege inngrep i eit fuglefredingsområde. Saka hamna i retten etter at Bremer nekta å betale bota han fekk på 8000 kroner for forholdet.

Hafslovatnet

FJERNA LAUSMASSAR: Grunneigar Herman Bremer er dømt til å betale ei bot på 5000 kroner etter at han ulovleg dumpa lausmassar i Hafslo fuglefredingsområde.

Foto: kjell Arvid Stølen / NRK

Bremer måtte møte i Sogn tingrett etter at han vart tiltalt for brot på naturmangfaldlova. Årsaka var at han sist vår grov ut lausmassar frå Skjervaelvi og deponerte desse innanfor grensene til fuglefredingsområdet Hafslovatnet.

Grunneigaren fekk først ei bot på 8000 kroner for forholdet, men i retten har bota blitt redusert til 5000 kroner. Bremer var også tiltalt for å ikkje ha varsla om gravinga, men retten meiner Bremer ikkje kan dømmast for dette.

– Vi er nøgde med dommen, seier advokaten til Bremer, Louis Anda til NRK.no.

Har lenge hatt dispensasjon

Garden til Herman Bremer grensar til Hafslovatnet, eit område som sidan 1991 har vore eit fuglefredingsområde. Det er i utgangspunktet ikkje lov å drive uttak eller oppfylling av masse i dette området, men Bremer har hatt dispensasjon frå dette sidan 1995.

Bakgrunnen for dispensasjonen er at Skjervaelvi som kjem ut i Hafslovatnet tek med seg lausmassar som hopar seg opp nedst i elva. Når det blir nok lausmasse kan elva fløyme over og det kan føre til skade på eigedomen og bygningane til Bremer.

Han har difor fått dispensasjon til å ta ut massar frå elva for å unngå fare for skade på eigedomen sin.

Vilkåra for dispensasjonen er mellom anna at han må varsle om at han skal gjere dette, og det står også at han i akutte situasjonar kan setje i gang arbeidet straks. Massane som blir tekne ut kan grunneigaren fritt disponere, så lenge det skjer utanfor det verna området.

Oppdaga massar innanfor området

I praksis har grunneigaren reinska elva for lausmasse kvart fjerde eller femte år. I fjor vår såg Bremer på ny behov for å gjere det. Han varsla då kommunen, men tok til med arbeidet før han hadde fått svar.

Naturoppsynet som var i området oppdaga at det var deponert massar delvis innanfor fredingsområdet. Det vart kalla inn til møte mellom Naturoppsynet, kommunen og grunneigaren, og dei vart samde om at grunneigaren skulle fjerne massane innan fem dagar.

Men på grunn av mykje regnvêr var det så fuktig i området at dette ikkje let seg gjere innan fristen. Naturoppsynet valde difor å politimelde saka. Dette enda med ei bot på 8000 kroner, men denne ville Bremer ikkje betale, og saka kom då opp for retten.

Har ikkje brote varslingsplikta

I si vurdering seier retten at det ikkje er tvil om at uttaket av massar var nødvendig. Retten meiner vidare at Bremer ikkje varsla kommunen på ein slik måte at dei hadde tid til å vurdere varselet.

Dei har difor gått vidare til å vurdere kor vidt situasjonen var akutt. Slik det står i dispensasjonen kan Bremer altså setje i gang arbeidet straks, dersom situasjonen er akutt.

Ut frå ei samla vurdering meiner retten at situasjonen var akutt, og at Bremer såleis kunne starte arbeidet straks. Dei viser mellom anna til at det var varsla flaum og at det kunne bli vanskeleg å utføre arbeid på eit seinare tidspunkt.

Retten har difor funne at Herman Bremer ikkje har brote varslingsplikta i dispensasjonsvedtaket.

– Det er viktig for min klient å vite at han har gjort det han kunne i forhold til lovverket og tidlegare erfaringar med slike varsel.

– Dette er ei viktig prinsippavgjerd for han, seier advokaten til Bremer, Louis Anda.

Ulovleg deponering av lausmasse

Når det kjem til kor massane vart deponert står det klart i dispensasjonsvedtaket at desse ikkje skal dumpast innanfor verneområdet.

Retten har funne det bevist at delar av massane likevel var deponert innanfor fredingsområdet. Dette er mellom anna dokumentert med foto.

Advokat Louis Anda seier Bremer sjølv meiner at han plasserte massane utanfor fredingsområdet, men at mellom anna mykje regnvêr førte til at massane rann ut i vatnet.

I retten er Bremer funnen skuldig i å aktlaust ha brote forskrifta om freding av Hafslovatnet fuglefredingsområde.

Vil tenkje seg om

Retten har dømt Herman Bremer til ei bot på 5000 kroner, subsidiært 10 dagar i fengsel.

I samband med rettssaka skal Bremer ha sagt til Sogn Avis at han heller ville gå i fengsel enn å betale bota. Louis Anda seier dette etter alle solemerke ikkje vil skje.

– Det var nok ei spissformulering. Viss ein ikkje kan betale bota tek ein utlegg i både hus og bil, og eg trur min klient klarar å ordne opp denne bota.

– Det var nok meir meint som ein spøk, seier advokaten.

Herman Bremer vil tenkje seg om før han bestemmer seg om han vil godta bota.