Hopp til innhold

Dette kostar eigentleg 4700 kroner

Under juniorkampen mellom Florø og Brann torsdag kom politibetjent Kjell Magne Barsnes over nokre bilar som hadde teke i bruk ein gang og sykkelveg ved Florø Stadion som parkeringsplass.

Feilparkering ved Florø Stadion
Foto: Kjell Magne Barsnes

Barsnes var ikkje i teneste, og det var ikkje tilgjengeleg politipatrulje til å ta seg av saka, men dersom det hadde vore tilfelle så hadde det blitt dyrt for bileigarane.

Det å køyre inn på ein gang- og sykkelveg resulterer i eit gebyr på 4200 kroner, og sjølve feilparkeringa kostar 500 kroner.

– Sosialt uintelligent

Barsnes la biletet ut på Facebook og kalla det fotballidioti.

– I etterkant har eg fått høyre at det og var eit foreldremøte på skulen, så det kan sjølvsagt hende at dei feilparkerte bilane tilhøyrde folk derifrå. Men uansett er det sosialt uintelligent å parkere på ein gang- og sykkelveg når det er fullt lovleg å parkere i vegbana.