Hopp til innhold

Kjerpeset nesten på pallen

Øyvind Strømmen Kjerpeset frå Florø sprang nesten inn til pallplass under Young Diamond`s Challenge i Zürich i går kveld.

Øyvind Strømmen Kjerpeset

NESTEN PÅ PALLEN: Det var ikkje mange hundredelane om å gjere at 20-åringen frå Florø sikra seg sin andre pallplass på få dagar.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Florøguten er inne i ein god periode og seinast i helga sikra han seg gull på distansen 400 meter hekk med tida 51,67 under NM i Kristiansand.

Også i går gjorde Strømmen Kjerpeset (20) det godt under stemnet i Zürich. Med tida 51,67 var det vel to sekund opp til vinnaren José Reynaldo Bencosme de Leon frå Italia. Friidrettsutøvaren enda på ein sterk fjerdeplass.

At han no gjer det bra er ekstra gledeleg med tanke å skaden han sleit med tidlegare i sesongen. I mai fortalde han korleis ein mystisk skade i fotbladet hadde sett han ut av spel i fleire veker.

Smertene var så store at han ikkje klarte å trene skikkeleg over ein lengre periode, og det såg svært mørkt ut for EM-plassen. Sjølv om han ikkje klarte EM-kravet på 400 meter hekk fekk han til slutt billett, men under meisterskapen måtte han skuffa forlate bana utan å klare å kvalifisere seg til semifinalen.

Narve Heggheim som er dagleg leiar i Norsk Friidrett Sogn og Fjordane gler seg veldig over at 20-åringen no er tilbake i form.

-Øyvind leverer eit godt løp i eit veldig sterkt felt. Det er gledeleg å sjå han tilbake i konkurransar igjen, og akkurat denne veka har han hatt eit tøft program med mange løp under NM i beina frå helga.

– Det viktigaste er at han no er restituert etter skade og kan sjå framover og få komme i gang igjen med normal trening igjen. Han er stabil på eit vesentleg høgre nivå enn i fjor og det lovar godt, skriv Heggheim i ein e-post.