Hopp til innhold

Brann slo Florø i junior-NM

Florø sitt juniorlag i fotball nådde ikkje heilt opp i kveldens kamp mot Brann. Bergensarane vann til slutt 4–2.

Cupfest i Florø.

SIST GONG: Frå sist Florø spelte mot Brann, den gong i seniorcupen, då de tapte 1-6.

Foto: Truls Kleiven

Florø sitt juniorlag tok i mot Brann sitt juniorlag i Flor, då det skulle spelast om semifinaleplass i junior-NM.

Allereie etter fire minutt gjekk Brann opp i leiinga, og ti minutt seinare dobla dei leiinga. Florø kom tilbake og scora to mål før pause, og kunne ta seg ein pust i bakken på stillinga 2–2.

Men etter pause var det berre Brann som klarte å få ballen i mål (bortsett frå ein florøspelar som scora sjølvmål), og raudtrøyene vann til slutt 4–2.

Brann kom med jamnlege oppdateringar via twitter.