Hopp til innhold

Hentar heim spelar for å berge plassen i divisjonen.

Damelaget til Høyang litt i botn av 2. divisjon og treng sårt poeng for ikkje å rykkje ned. Difor har dei henta inn tidlegare Høyang-spelar, Line Nordeide Grønli, for å hjelpe til i kampane resten av sesongen.

Line Nordeide Grønli

KLAR: Midtbanespelaren Line Nordeide Grønli er klar til innsats for å berge gamleklubben frå nedrykk.

Foto: privat

Grønli kjem frå Vålerenga. I tillegg til Grønli har laget også signert Helene Gudim Bakke frå Nymark og Elisabeth Frafjord Nessa frå Mastra-

For høyangerjenta Grønli var det ekstra kjekt å bli spurt om å hjelpe laget frå heimbygda.

– Eg har lyst til å hjelpe, og det er kjempekjekt å bli spurd. Dessutan får eg mykje kamptrening, seier Grønli.

Studerer medisin i Bergen

23-åringen har flytta frå Oslo til Bergen for å studere medisin, og dermed var det ei opning for å spele kampar for gamlelaget, sjølv om det er byrja å bli mange år sidan Grønli sleit Høyang-skjorta.

– Eg har ikkje spelt for Høyang sidan eg var 15-16, så det blir rart å ta på seg Høyang-skjorta att, men det blir kjekt, seier Grønli.

Midtbanespelaren reknar med at ho spelar søndag når Høyang møter Jølster.

– Eg er iallfall klar til å gi jarnet, seier Grønli.

Glad for supplementet

Og det er Høyang-trenar Leif Arne Tveit glad for. Både han og spelarane var langt nede i går etter tapet mot Førde.

– Vi har ein jobb å gjere, men eg har full tru på at det kan gå. Men vi er svært heldige som får inn Line til å hjelpe oss dei siste kampane, seier Tveit.

Høyang-trenar Leif Arne Tveit.

GLAD FOR HJELP: Høyang-trenar Leif Arne Tveit er glad for forsterkningar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I tillegg har lagets beste spelar, Anja Pettersen, vore ute grunna fødsel. Ho er snart tilbake i trening, knapt ein månad etter at ho nedkom.

– Vi får eit bra lag om nokre veker, men nett no har vi litt problem. Så det er flott å få litt hjelp, seier Tveit.

Ny midtstoppar og venstre ving

Helene Gudim Bakke (27) er opphavleg frå Bergen og har spelt for Nymark.

– Eg har flytta til Høyang grunna jobb, så for meg handlar det om å ha noko å gjere på her medan eg bur her. Dersom eg kan bidra til at Høyang held seg i andredivisjon, så er det kjekt, seier midtstopparen.

Elisabeth Frafjord Nessa (26) frå Randaberg bur i Balestrand.

– Det er lenge sidan eg har spelt aktivt, men eg hadde lyst til å spele fotball att. Så eg blir med så mykje eg kan, sjølv om turnusarbeid legg nokon avgrensingar, seier Nessa.

Venstrevingen har tidlegare slite skjorta hjå Mastra IL.

– Vi har tru på at begge desse jentene blir i klubben også utover denne sesongen, seier Tveit.