Hopp til innhold

Florø er ikkje redde for Brann

I ettermiddag brakar det laust når Brann kjem til Florø for å spele kvartfinale i juniorcupen. I kystbyen møter dei eit ungt lag som ikkje er redd for motstanden.

Cupfest i Florø.

NYTT OPPGJER: Om det blir like mange publikummarar på Flora stadion i dag er noko usikkert, men uansett kan Florø-laget få sin revansje mot gjestane i raudt.

Foto: Truls Kleiven

Det unge Florø-laget får igjen bryne seg på gjester frå Bergen. I mai var det A-laget til Brann som tok turen i NM-cupen, den gong var det eliteserielaget som vann.

Torsdag kveld har Florø-gutane sjanse på revansje, då kjem raudtrøyene på ny til kystbyen for å spele kvartfinale i juniorcupen.

Florø-trenar Terje Rognsø seier til Firdaposten at det ikkje finst tøffare motstand enn Brann i Norge, men har likevel ikkje tenkt å la seg skremme av det.

– Det er fullt mogleg for oss å vinne. Vi har vore med på enormt mykje, har erfaring frå store kampar. Slik sett har vi ingen grunn til å vere redd for å møte Brann, seier Rognsø til avisa.

På veg til kvartfinalen vann Florø 4–0 over Molde sine juniorar og dei møter altså tøff motstand når dei skal spele om plass i semifinalen i NM-cupen for G19.