Hopp til innhold

25 asylsøkjarar kan bli kasta ut

25 asylsøkjarar som bur på Mølletunet i Førde står i fare for å misse husværa sine.

Sjølv om første og andre etasje i huset berre er godkjent for kontor, har det budd asylantar her i fleire år, skriv avisa Firda. Dette reagerer kommunen sterkt på og no varslar dei at asylsøkjarane som bur her må ut.

Plan- og byggsjef Odd Harry Strømsli i kommunen seier til avisa at dei er opptekne av bebuarane sin tryggleik og levevilkår.

Dersom kommunen skal kunne godkjenne første og andre etasje i huset til bustader er det fleire ting som må forbetrast, mellom anna krev kommunen at det blir livsløpsstandard på minst eit av bada og toaletta ifølgje avisa.

Det er selskapet Mølletunet AS som eig bygget, medan asylmottakdriftaren Hero er leigetakar. Syreleiar i Mølletunet AS, Bjørn Solheim, seier til Firda at dei vil ordne krava etter kvart, men meiner at kommunen på nokre område er unødvendig strenge.

I januar omkom ei kvinne og ein liten gut som budde på Mølletunet i ein brann. Det var kvinna sjølv som sette fyr på brannen. Solheim seier dei har investert i nytt brannvarslingsanlegg og har lagt vekk på tryggleik. Dette forholdet er også kommunen nøgd med.