Hopp til innhold

Trygg Trafikk ber foreldre om å låne ut den nyaste bilen til ungdomen

I staden for å la ungdom køyre rundt i gamle vrak bør foreldre låne vekk dei nye bilane sine. Det meiner Trygg Trafikk som synst det er uheldig at mange unge køyrer rundt i gamle og farlege bilar.

Audun Heggestad

TRYGGE BILAR: Distriktsleiar Audund Heggestad i Trygg Trafikk i Sogn og Fjordane har ei klart oppmoding til foreldre. La ungdomen låne dei nyaste og tryggaste bilane.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Trass i at ungdom er mest utsett for alvorlege bilulukker, er det denne gruppa som har dei dårlegaste bilane.

Rundt ein fjerdedel av dei som døyr på vegane våre er mellom 16 og 24 år, og Trygg Trafikk meiner eit grep for å snu den negative trenden er å unngå at ungdom køyrer rundt i gamle vrak.

Mange foreldre køyrer rundt i nye og sikre bilar. Samtidig må tenåringane som nettopp har fått lappen ta til takke med ein langt endre og farlegare bil.

– Mitt råd er at foreldre låner ut den bilen som er tryggast, seier Audun Heggestad som er distriktsleiar i Sogn og Fjordane.

Stor skilnad på bilane

Utanfor Eid vidaregåande skule møter vi Steffen Taklo. Tenåringsguten har sikra seg ein bil som er eit skikkeleg blikkfang og viser den stolt fram der den står på parkeringsplassen.

– Det er ein Alfa Romeo GT, 2000-modell, seier Taklo og vedgår at det er ein rask bil.

Men sportsbilen er 12 år gamal og med ein motor på 155 hestar er dette ikkje akkurat ein familiebil.

Når Taklo ser utover parkeringa ved skulen er det lett å sjå at det er skilnad mellom bilane til dei vaksne og ungdomen. Og det er ikkje ungdomen som har dei nyaste versjonane.

– Det er veldig mykje nytt her som er veldig bra. Men så er det jo og eit par skranglekasser som eg ikkje veit kva eg skal seie om, vedgår Taklo.

– Skadane blir mindre

Også Trygg Trafikk er smerteleg klar over denne skilnaden på bilparken mellom ungdom og vaksne. No vil Trygg Trafikk at foreldre rundt om kring i landet skal bli flinkare til å låne vekk nye og trygge familiebilar.

Distriktsleiar Audun Heggestad i Sogn og Fjordane seier det er betre enn at ungdomane må ta til takke med eldre og farlege bilar.

– Dersom uhellet er ute så blir skadane så mykje mindre i ein relativt ny bil, enn i ein relativt gammal bil, åtvarar han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Steffen Taklo saman med to kameratar

STOR SKILNAD: Steffen Taklo (lengst til venstre) og kameratane veit at det er stor skilnad på bilparken til vaksne og unge.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Ei billig forsikring

Bodskapen vert godt motteken av gjengen på parkeringsplassen på Eid vidaregåande skule. Fleire har nettopp fått lappen og ikkje alle får låne den nyaste bilen av foreldra sine.

– Det som er problemet er at dei bilane som er i heimen er forsikra på dei eldre, så eg må slite litt viss eg skal låne bilen, seier ein av tenåringsgutane til NRK.no.

Ein annan meiner det at foreldra låner ut den nyaste og tryggaste bilen til sonen eller dottera vil vere ei billig forsikring for dei.

Vil bli kvitt dei gamle vraka

I 2010 omkom heile 51 personar i alderen 15–24 år på norske vegar. I 2011 gjekk talet ned til 34 i denne aldersgruppa, og talet verkar i år å halde seg stabilt.

Audun Heggestad i Trygg Trafikk har sett fleire ulukker der standarden på bilen har vore avgjerande for korleis dei har gått med folka som var i den.

– Ein ser jo i ettertid at det er store skader på ein del gamle bilar, og så når ein ser på nye bilar så kjem ein frå det med relativt små skader.

– Då reflekterer ein veldig over dei gamle bilane og har lyst å fase dei ut, seier distriktsleiaren.

– Eit liv er viktigare enn bilen

Kjell Meland og Ove Bjørlo

VIL LÅNE VEKK BILEN: Kjell Meland og rektor Ove Bjørlo ved Eid vgs. seier dei er flinke til å låne vekk dei beste bilane til borna sine.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

På eit kontor ved skulen sit rektor Ove Bjørlo og lærar Kjell Meland. Begge er fedrar og begge insisterer på at dei opp gjennom åra har lånt vekk den beste av bilane dei har. Bjørlo seier han veit kor viktig bilar er for mange unge.

– Eg kan vel seie at eg har hatt tre rånarar i hus, tre gutar.

– Den yngste er 22 og det er faktisk han som har hatt den nyaste og beste bilen i familien, seier Bjørlo.

Også kollega Kjell Meland støttar oppmodinga frå Trygg Trafikk.

– Den dårlegaste bilen kan heller dei vaksne og rutinerte sjåførane køyre, seier han.

Dyre forsikringar, faren for bulkar og rot i bilen gjer at mange foreldre vegrar seg for å låne bort den nyaste bilen til husstanden. Likevel meiner dei to fedrane at foreldra må ta ansvar.

– Det er no ein gong slik at eit liv er mykje viktigare enn verdien på ein bil.