Hopp til innhold

Ung duo fekk pris for stortalent

– Du får sjølvtillit og tenkjer at ja, det er faktisk folk som trur at du kan, smiler Aud Julie Befring (26) som saman med Cedrik Fonn Skåre (16) fekk Sparebankstiftinga sitt Furorestipend for 2012.

Aud Julie Befring og Cedrik Fonn Skåre

GLADE: Aud Julie Befring (t.v.) og Cedrik Fonn Skåre vart heidra under Sparebankstiftinga si eldsjelsamling på Skei.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Den unge alderen til trass, jølstringen Aud Julie Befring og førdianaren Cedrik Fonn Skåre har gjort seg sterkt merka på kvart sitt område.

Befring som designer, og Fonn Skåre bak rattet på ein gokart.

– Eg vart mistenksam då eg fekk invitasjonen, men så sa pappa at det er ein som skal snakke om sponsing. Så då ville eg vere der. Sponsing er ein viktig del av satsinga, fortel 16-årige Fonn Skåre.

Visste ingenting

Men det var heilt andre grunnar til at racerbilsjåføren og designaren vart invitert til Sparebankstiftinga si eldsjelsamling på Skei på tysdag.

Cedrik Fonn Skår

FART: Cedrik Fonn Skåre har vist stort talent på racerbana.

Foto: Skåre Racing

Medan designaren Befring vart heidra med 25.000 kroner, fekk Fonn Skåre 50.000 kroner til si satsing på racerbana.

– Eg hadde jo håp om å vinne litt pengar, men venta ikkje at det skulle vere i går. Eg hadde ikkje snøring på kva eg gjorde på Skei, fortel han.

Tidleg start

Fonn Skåre køyrde sin første gokart som sju-åtteåring i Kråkenesmarka. Han vart «heilt hekta» og sidan har farten og køyretya blitt større og større – saman med pokalsamlinga.

– Eg kunne køyre 300 rundar på ein søndag. Eg køyrde, og køyrde og berre banka på. Sjølv om eg var åleine, fortel 16-åringen som i fjor vann han Norgescupen samanlagt for juniorar. I år er han nummer tre i den same cupen for seniorar.

Han har sølv i opent svensk meisterskap 2011, sølv og bronse frå nordeuropeisk meisterskap og pallplass frå Gøteborgs stora pris.

– Eg har ein god del pokalar på rommet mitt for å seie det slik, gliser 16-åringen.

Vil køyre EM

Han har allereie køyrt det meste som kan køyrast i Skandinavia og var allereie i 2008 i verdsfinalen i Italia. I år gjekk turen til Tyskland og EM.

Idretten er både tid- og kostnadskrevjande. Difor passar stipendet svært godt inn i framtidsplanane til det unge racertalentet.

– Eg får moglegheit til å køyre meir meisterskap, også internasjonalt. Neste år er målet å køyre EM, men det aller største målet mitt er å få køyre Formel 1. Der er nålauget veldig lite. Eg hadde vore nøgd om eg berre kunne tent pengar på å køyre motorsport, seier han.

Andre pris i år

Furorestipendet blir delt ut ein gong i året, til personar mellom 15 og 30 år som er framifrå utøvarar på internasjonalt nivå innan sine felt.

Aud Julie Befring sin puff "Sting".

PRIS: Aud Julie Befring hentar inspirasjon frå natur, fjell og fjordar. Denne puffen fekk namnet Sting.

Foto: Høgskolen i Oslo og Akershus

26 år gamle Aud Julie Befring frå Stardalen i Jølster fekk prisen for hennar talent som designer. I vinter førte sitjepuffen «Sting» henne heilt til topps i Norges Husflidslags sin prestisjetunge produktkonkurranse «Morgendagens heltar lager morgondagens kulturarv».

Det gav henne 50.000 kroner. Prisen tysdag vart litt vel mykje for Befring som satsar på møbeldesign, bruksgjenstandar, interiør, servise og vasar – eller «kvinneting» som ho kallar det.

– Eg burde jo sagt at eg vart kjempeglad, men fakta var at eg vart heilt sett ut og nervøs. Eg måtte jo plutseleg fram på scena og fekk kanskje ikkje heilt fram kor glad eg vart, ler designaren frå Jølster.

Flyttar til Oslo

– Men eg er utruleg glad for stipendet. No har eg råd til å kjøpe halvparten av dataprogramma eg treng. Skal eg kunne jobbe som designer, så treng eg mange typar dataprogram som eg akkurat no ikkje har råd til, legg 26-åringen til.

Befring er nyutdanna frå linje for produktdesign ved Høgskulen i Oslo/Akershus. Aller helst ynskjer ho å bu på Jølster, men flyttar allereie laurdag attende til Oslo for få satse vidare på det Furorejuryen meiner er ei spennande designframtid.

– Eg ynskjer jo å livnære meg på design og det er lettare å få jobb i storbyane. No vil eg prøve å få avtale med verksemder, men det blir nok sikkert etter kvart ein master i design, seier ho.

Alt blir lettare

– Kva betyr det for dykk at det finst ei stifting som set pris på dykk med ein slik pris?

– Det er jo utruleg viktig. Stipendet gir oss høve til å gjere ting som vi ikkje hadde hatt sjanse til på eiga hand. Det gjer ting mykje lettare. Du får litt gnisten når folk trur at vi kan prestere, seier Befring.

– For dei som ikkje driv lagidrett, så gir dette moglegheit til likevel å nå fram. Slik det er no, så er det ofte litt vanskelegare å få støtte om du er enkeltperson, legg Fonn Skåre til.