Hopp til innhold

Måtte evakuere skulebuss

Bussturen til skulen i dag tidleg vart i overkant dramatisk for elevane då dei plutseleg måtte evakuere.

Røykutvikling førte til evakuering

EVAKUERT: Sjåføren evakuerte elevane før han fekk kontroll på røykutviklinga ved hjelp av eit pulverapparat.

Foto: Dovydas Miliauskas

Mellom 20 og 30 elevar på veg til Mo og Jølster vidaregåande skule på Vassenden fekk i dag ein uhyggeleg start på dagen. Skulebussen dei sat i vart då evakuert etter det som først såg ut til å vere ein brann i motoren, skriv avisa Firda.

Elev Dovydas Miliauskas var ein av dei som måtte evakuere. Han seier dei fort forstod at noko var gale med bussen frå Firda Billag.

– Då vi kom til Mo kjente eg og ein kamerat at det var ei lukt som vi ikkje hadde kjent før. Det var som svidd dekk eller motorlukt, forklarar Miliauskas til NRK.no.

– Vi såg ekstremt masse røyk

Bussen køyrde vidare, men stogga nokre hundre meter seinare. Bussjåføren gjekk bak for å sjå og så velta røyken fram frå motorrommet.

– Vi såg ekstremt masse røyk. Så tenkte vi, ok, no er det noko gale, seier Miliauskas.

Deretter kom bussjåføren inn att i bussen og gav klar beskjed til ungdomane om at dei måtte evakuere.

– Han sa at vi måtte evakuere fordi det brann. Alle skjønte det var noko gale, røyken var veldig synleg og lukta veldig sterk, seier skuleeleven til NRK.no.

Rosar sjåføren

På kort tid var alle elevane ute av bussen. Miliauskas seier sjåføren passa på at alle var ute før han fekk fram eit brannsløkkingsapparat og sløkte det som først kunne sjå ut til å vere ein brann.

– Han takla det veldig godt, seier Miliauskas og seier at ingen av elevane skal ha fått panikk då dei fekk beskjed om å evakuere.

– Men eg trur ikkje folk skjønte kor ekstremt farleg det var, eller kor gale det kunne gått, seier han vidare.

Kortslutning i startar

Arne Hetle som er teknisk sjef i Firda Billag seier til avisa Firda at det var ein kortslutning i ein startar som var årsaka til den kraftige røykutviklinga. Kor vidt bussen var nære å ta fyr kan han ikkje seie noko om.

– Sjåføren fekk kjølt ned startaren med eit pulverapparat. Det er klart at når det tek til å ryke og det ser ut som ein brann, så må passasjerane snarast råd ut. Så sjåføren gjorde alt etter boka, seier Hetle til Firda.

Elevane vart etter ei stund frakta vidare med ein ny buss.