Hopp til innhold

NHO positive til tunnel til breen

– Dette er i utgangspunktet ein genial idé. Slik reagerer direktør Knut Almquist i NHO Reiseliv på planen om å lage ein vegtunnel opp til Jostedalsbreen i Jølster.

Direktør Knut Almquist i NHO er positiv til ein tunnel til Jostedalsbreen i Jølster

POSITIV: Direktør i NHO Reiseliv, Knut Almquist, er positiv til planane om ein tunnel opp til Jostedalsbreen i Jølster.

Foto: Montasje: Torje Bjellaas/NRK/Kim Holthe

Initiativtakarane bak tunnelen tenkar stort når dei no har håp om å få til ein vegtunnel frå Lunde i Kjøsnesfjorden og opp til 1500 meters høgde på Tverrfjellet i Jølster.

Herfrå kan dei som vil gå rett ut frå garasjen som skal ligge inne i fjellet, og ut på Jostedalsbreen.

Almquist seier til avisa Firda at han meiner prosjektet er verdt å greie ut vidare.

– På generelt grunnlag kan vi fastslå at det er slike prosjekt som vil kunne gjere landet vårt attraktivt utover i Europa. Vi treng fleire attraksjonar og dette er i utgangspunktet ein genial idé, seier Almquist som er administrerande direktør i NHO Reiseliv.

– Ein attraksjon

200 millionar kroner er prislappen på tunnelen som initiativtakarane i Jølster meiner vil kunne løfte breturismen i Norge til nye høgder. Ordførar Oddmund Klakegg og resten av mennene bak er overtydde om at dette blir ein attraksjon.

– Ein fjelltunnel frå Kjøsnesfjorden, ved riksveg 5 mellom Jølster og Sogndal, til topps på Tverrfjellet vil vere ein attraksjon som vil gje uante moglegheiter for turiststraumen til Noreg i uoverskueleg framtid, seier ordførar Oddmund Klakegg (Sp).

Dei trur og at det kan opne opp for uante turmoglegheiter i eit område som tidlegare berre var tilgjengeleg for dei som orkar gå timevis i fjellet.

Leiaren i Sogn og Fjordane turlag, Marino Ask, er derimot litt meir skeptisk. Han er redd ein slik tunnel vil vere ei forlenging av cruiseturismen og at det i størst grad vil vere folk som tek turen opp i bil eller buss for å sjå på utsikta i nokre minutt.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Josdedalsbreen kan bli Norges mest tilgjengelige bre. Det skal eit gigantsik vegprosjekt sørge for.

– Dette turistane vil ha

Almquist i NHO Reiseliv seier denne tunnelen vil opne opp for akkurat den typen opplevingar som turistar stadig oftare etterspør.

– Naturopplevingar på eit slikt nivå vil vere unikt, og gje oss ein fordel overfor mange andre, seier direktøren til avisa Firda.

Han kjenner ikkje til liknande prosjekt i Europa og meiner at det heilt klart vil få stor betydning, dersom ein faktisk får bygd ein slik tunnel til breen.