Hopp til innhold

Vil tredoble kapasiteten i Sløvåg

Dei nye eigarane av det gamle Vest Tank-anlegget i Sløvåg planlegg å tredoble kapasiteten. No skal det lagrast oljeprodukt og ikkje oljeavfall på plassen.

Alexela i Sløvåg i Gulen.

VIL UTVIDE: Alexela Sløvåg vil tredoble kapasiteten ved terminalen sin i Gulen der dei skal lagre oljeprodukt før vidaresending.

Foto: Steinar Lote / NRK

Det er no litt over fem år sidan tankeksplosjonen ved Vest Tank sitt anlegg i Sløvåg i Gulen. Dei nye eigarane, Alexela, vil no tredoble kapasiteten, skriv Bergens Tidende.

Alexela-eigar Heite Hääl seier til avisa at dei planlegg å byggje ti nye tankar i tillegg til dei ni dei snart tek i bruk.

– Då kan vi også ta imot og lagre råolje, seier estlendaren til avisa.

Stor skilnad

Sidan selskapet overtok anlegget har dei ifølgje Hääl brukt ca 500 millionar kroner på opprydding, tømming av tankar, transport og destruksjon, i tillegg til nyinvesteringar.

Han er tydeleg på at det Alexela skal drive med i Sløvåg er noko heilt anna enn det dei tidlegare eigarane i Vest Tank dreiv med.

– Vest Tank var ei avfallsbedrift, som behandla oljeavfall. Alexela skal lagre oljeprodukt før vidaresending, seier Alexela-eigaren til Bergens Tidende.

Alexela Sløvåg er eitt av selskapet sine fire terminalanlegg for lagring av oljeprodukt. Ifølgje Bergens Tidende ligg det to i Estland, og eit i Murmansk i Russland.

– Dette er noko heilt anna

Også ordførar Hallvard Oppedal i Gulen er overtydd om at den nye drifta i Sløvåg blir av ein heilt annan standard enn før. Han seier til avisa at kommunen har brukt mykje tid på å handsame dei nye driftsplanane.

– Vi har lagt bak oss ein epoke som slett ikkje var bra.

– Eg trur heile lokalsamfunnet forstår at dette er noko anna enn den førre aktiviteten som var her i Sløvåg, seier Oppedal til Bergens Tidende.