Hopp til innhold

..og der gjekk «gamle dampen» til Sør-Amerika

Sidan 1990 gjekk Kommandøren ustanseleg i rute mellom Bergen og Sogn og Fjordane. No er båten seld og på veg til Sør-Amerika.

Kommandøren

REISER VIDARE: Ærverdige Kommandøren set no kursen for Panama.

Foto: Andreas Askildsen / Solabladet

Kommandøren skal no til Panama City. Der skal den setjast inn i turisttrafikken til Canal & Bay Tours.

Som mannskap frå 1996 og som kaptein frå 2007, Roger Rivedal, vart det ein tøff avskjed med den flotte katamaranen.

Vemodig

Han var med heile vegen frå Florvåg til Sola, der Kommandøren vart heist ombord i eit frakteskip.

Kommandøren

STASELEG: Kommandøren ved kai i Bergen i 2011.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det var veldig vemodig. Etter det siste handtrykket midtskips, så strøyk eg båten over skutesida og sa takk. Eg byrja i Fjord1 Fylkesbaatane i 1996 og vart fast kaptein på Kommandøren i 2007 og fram til Norled overtok rutene i mai i år, fortel Rivedal - som og gjerne skulle vorte med sørover for å sjå båten vel inn i ny hamn.

– Kommandøren får nok eit fint liv vonar eg. Det er ein god båt. Det er nok den beste båten som er laga på hurtigbåtfronten nokonsinne. Det trur eg mange er samde med meg i, både i høve komfort, sjøtryggleik og ikkje minst design, meiner Rivedal.

Mange tusen mil

Han er overtydd om at Kommandøren nok blir godt motteken der han skal gå, og heilt sikkert veldig godt likt der også.

Roger Rivedal

Roger Rivedal

Foto: skjermdump

Frå 1990 til 2012 gjekk Kommandøren i hovusak i ruta frå Bergen til Nordfjord, og kor mange nautiske mil den har under kjølen tør ikkje Rivedal spekulere i.

– Det går nok an å rekne seg fram til det, men vi snakkar mange, mange tusen nautiske mil. Kor mange turar eg har hatt på brua, veit eg rett og slett ikkje.

Då Kommandøren no er på veg vekk frå fjordar og fjell i vest, skin framleis Fylkesbaatane-logoen på framdekket.

– Livet går no vidare etter dette også, smiler Rivedal, som no har meldt overgang til Norled sine nye båtar på fjordfarten.