Hopp til innhold

Forvilla seg inn i sprengingsområde

Trass i forbodsskilt har fleire bilistar teke seg inn på anleggsområdet på Filefjell.

Sperring over Filefjell.

TRASSAR: Vegen over Filefjell er stengd, men bilistar har likevel funne vegen heilt inn i sprengingsområdet.

Foto: Statens vegvesen

I førre veke kom ein bilist seg heilt inn til området der Statens vegvesen driv sprengingsarbeid på E16.

Vegen har sidan 20. august vore stengd mellom Maristova og Smeddalsosen, og vil vere det til 12. oktober .

– Første par dagane var det ein del, spesielt utanlandske turistar, som sikkert ikkje oppfatta skilta. I førre veke var det visst nok ein bil som hadde greidd å lure seg forbi. Sprenginga var ikkje byrja då, seier prosjektleiar Oddvin Ylvisaker.

Fare for nedfall

Vegvesenet skal sprengje ned ei skjering på kring 30 meters høgde. Punktet er mellom fleire som skal utvidast i samband med bygginga av E16 mellom Smedalsosen og Borlaug.

For å få tilstrekkeleg lange arbeidsdagar blir vegen stengd for trafikk.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vegarbeid på Filefjell.

FARE: Slik ser det ut no som Statens vegvesen har kome i gang med sprengingsarbeidet på E16 over Filefjell.

Foto: Statens vegvesen

– Når ein sprengjer ned, så vil steinen hamne i vegen. Så skal den ryddast og eit stort sikringsarbeid må gjerast dersom trafikken skal på att. For då vil det vere laust, usikra og fare for nedfall heile tida, fortel Ylvisaker.

Skiltar betre

Men trass fleire skilt og sperringar har altså fleire prøvd å køyre forbi. Likevel vil ikkje Ylvisaker skildre problemet som omfattande.

Og med betre skilting, trur han det no er slutt på at bilistar utset seg sjølve og andre for fare.

– Det skuldast nok at dei ikkje har oppfatta skiltinga, at den kanskje har vore i svakaste laget. Difor har vi forsterka skiltinga fleire stader, seier Ylvisaker.