Hopp til innhold

Slik skal dei finansiere tunnelen

Initiativtakarane bak planen om ein vegtunnel til Jostedalsbreen veit at det blir ei stor oppgåve å finne dei 200 millionane som skal til.

At det vil bli ein attraksjon er det vel nesten ingen som er usamde i. Dei spenstige planane inneber ein vegtunnel frå Lunde i Kjøsnesfjorden med 12 prosent stigning opp til 1500 m.o.h.

Her skal tunnelen ende i ein garasje inne i fjellet der folk kan ta seg rett ut på Tverrfjellet, like ved Jostedalsbreen.

Ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg (Sp), er full av iver og glød når han snakkar om prosjektet, men veit at det kostar. Tunnelen er no kostnadsrekna til 200 millionar kroner, og det er ikkje noko ordføraren kan grave ut av lomma på flekken.

– Dette er litt av den store oppgåva vi må gå laus på, for å finne ei finansiering som er dekkjande for å kome i gang med prosjektet, seier Klakegg til NRK.no.

Tilgang til brelandskapet året rundt

Tverrfjellet

SPLEISELAG: Mennene bak planane om tunnel til breen er f.v. Jarle Helgheim, Oddmund Klakegg og Steinar Dvergsdal. Dei ser føre seg eit spleiselag for å finansiere prosjektet.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Det var i går at folka bak presenterte planen om ein vegtunnel like opp til Jostedalsbreen. Initiativtakarane seier dette vil gjere breen langt meir tilgjengeleg og opne opp for uante turmoglegheiter som til no berre har vore tilgjengelege for dei sprekaste av dei spreke.

– Tiltaket er utan synlege inngrep i naturlandskapet og vil gje tilgang til brelandskapet 365 dagar i året, seier mennene bak planane.

Men kven skal så betale for denne tunnelen?

– Det er klart at vi her må ha eit spleiselag. Eg ser føre meg privatkapital og statleg kapital, seier ordførar Klakegg.

– Mykje må på plass

Så langt har det ikkje blitt gjort så mykje for å få på plass verken private kroner eller statlege middel. Klakegg seier dei har gått gjennom trafikkgrunnlaget og at dei meiner dette er godt.

– No må det lagast skikkelege detaljplanar, reguleringsplanar og ein må gå ein runde med offentlege styresmakter.

– Mykje av det må på plass før vi kan selje prosjektet til eventuelle investorar og få statleg finansiering, seier ordføraren.

Tverrfjellet - tunnelen vil ende ca midt i biletet

GARASJE I FJELLET: Ca midt i biletet, oppe på fjelltoppen, vil tunnelen ende opp i ein garasje inne i fjellet. Herfrå kan folk ta seg ut på Tverrfjellet, like ved Jostedalsbreen.

Foto: Torje Bjellaas / NRK