Hopp til innhold

Trur tunnel til Jostedalsbreen vil lokke fleire bilturistar enn turgåarar

Leiaren i turlaget synst planen om ein vegtunnel opp til Jostedalsbreen er dristig. Men Marino Ask er ikkje overtydd om at dette vil føre til at fleire går tur i dette fjellområdet.

Tverrfjellet - tunnelen vil ende ca midt i biletet

TUNNEL OPP PÅ BREEN: Ca midt i biletet, oppe på fjelltoppen, er det folk i framtida kan køyre til med bil dersom initiativtakarane får det som dei vil.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Får initiativtakarane i Jølster det som dei vil kan folk i framtida køyre bil frå Lunde i Kjøsnesfjorden og opp til Jostedalsbreen.

Dei spenstige planane har ein prislapp på 200 millionar kroner og folka bak meiner dette vil opne opp for uante turmoglegheiter som til no berre har vore tilgjengelege for dei sprekaste.

Men at dei no vil strøyme til med folk som vil gå tur i fjellet her er ikkje leier i Sogn og Fjordane turlag, Marino Ask, like sikker på.

– Eg trur dette er ei forlenging av cruiseturismen. Viss dei klarar å realisere desse planane så vil mange gå ut av døra og oppleve landskapet i nokon minutt, for så å trekkje seg tilbake og bli køyrt ned att, seier Ask.

Vil bruke 200 millionar på tunnel til breen

Jølster kommune og Jølster næringsforum står saman bak ideen som vil kunne komme til å løfte breturismen i bygda til nye høgder.

– Ein fjelltunnel frå Kjøsnesfjorden, ved riksveg 5 mellom Jølster og Sogndal, til topps på Tverrfjellet vil vere ein attraksjon som vil gje uante moglegheiter for turiststraumen til Noreg i uoverskueleg framtid, seier ordførar Oddmund Klakegg (Sp).

Initiativtakarane meiner dette vil gjere Jostedalsbreen meir tilgjengeleg for alle gjennom ein tunnel på åtte kilometer, frå Lunde og opp til 1500 moh.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tverrfjellet

STERKE MENN: F.v. Jarle Helgheim, Oddmund Klakegg og Steinar Dvergsdal. Dei vil no ha tunnel frå Lundebotn til breen.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Tvilande til fleire turgåarar

At det skal bli ein attraksjon er heller ikkje leiaren i Sogn og Fjordane turlag Marino Ask i tvil om.

– Det er ikkje tvil om at reiselivet og næringslivet i Jølster her kastar auga på eit attraktivt område, seier Ask til NRK.no.

Men i motsetnad til initiativtakarane til tunnelen er han langt frå overtydd om at det vil bli fleire som går tur i dette flotte fjellområdet dersom det blir meir tilgjengeleg.

– Det stiller eg meg tvilande til, seier Ask.

– Det er aktivitet som er trendy

Marino Ask

AKTIVITET: Leiar i Sogn og Fjordane turlag, Marino Ask, skulle heller ønskjer at jølstringane brukte pengar på å leggje til rette for aktivitetsretta oppleving og meiner det er det som framtida.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Han skulle heller ønskje at det hadde blitt jobba mot såkalla aktivitetsretta oppleving.

– Eg er ikkje så sikker på at folk vil vere i ro, gå inn i ein buss og ut av buss for å sjå på ei utsikt i nokre minutt, for å så køyre vekk att.

– Det er aktivitet som er trendy og der kronene og moglegheitene ligg, meiner Ask.

Ask meiner Jølster kommune har store og unike moglegheiter knytt til såkalla aktivitetsretta oppleving og viser til at alt ligg til rette for skiaktivitetar vinterstid, vandring, rafting, elvepadling og klatring på sommarstid.

– Det å utvikle eit breførarmiljø i Jølster kan vere like interessant og gje ei like stor oppleving til dei som besøker kommunen og området.

– Bussen og felles transport opp til breen er ikkje stikkordet. Men det å tilrettelegge for fotturar og vandring, finne utgangspunkt som gjer til at turistar og andre tilreisande kan få bruke kroppen og gå. Og på den måten oppleve naturen.

Tverrfjellet

TUNNEL-UTSIKT: Dersom tunnelen nokon blir ein realitet, så er dette utsikta som vil møte turistane på toppen.

Foto: Torje Bjellaas / NRK