Hopp til innhold

Redaktør frir til kollegaene - vil ha felles nettavis for Nordfjord

I dag er det fire lokalaviser i Nordfjord, med kvar si nettavis. Redaktøren i den eine av dei føreslår no at dei i staden skal gå saman om ei felles nettavis.

Felles nettavis for Nordfjordavisene?

BØR FIRE BLI EI? Redaktøren i Fjordabladet meiner ein bør diskutere kor vidt fire nettaviser kan bli til ei.

Foto: Skjermdump/montasje

Det er redaktør Tormod Flatebø i avisa Fjordabladet som bringer temaet på bane.

I staden for å ha kvar si nettavis meiner han at produktet hadde blitt betre om avisene hadde gått saman om ei felles nettutgåve.

– Eg synst det er ein veldig interessant tanke og eg synst ein skal diskutere ei slik sak, før ein faktisk blir tvungen til å gjere noko, seier han til NRK.no.

– Noko av det mest fornuftige vi kan gjere

Tormod Flatebø

FORNUFTIG: Tormod Flatebø i Fjordabladet meiner det ville vore fornuftig med ei felles satsing på nett.

Som redaktør i Fjordabladet veit Flatebø at nettet har blitt ein viktig del av folk sine medievanar. No ønskjer han ein debatt om kor vidt dei fire lokalavisene i Nordfjord burde gå saman for å lage ei felles nettside.

Flatebø trur dette kunne styrka journalistikken, og sjølv meiner han at dei små avisene i dag slit med å få til ei skikkeleg satsing på nett. Han seier fleire fordelar med ei felles nettavis.

– Der du kan plukke nyheiter frå alle redaksjonar, og det blir ikkje slik som i dag at Fjordabladet skal leggje ut ei sak eller to på dagen.

– Det blir ikkje prioritert. Viss du kan bruke alle dei redaksjonelle kreftene du har i Nordfjord til ei felles nettside, så trur eg kanskje det ville vore noko av det mest fornuftige vi kan gjere no, seier Flatebø.

For små til å prioritere nett

I dag tener lokalavisene i hovudsak pengar på papirutgåva. Utviklingskostnadene på nett kan vere høge og det gjer at dei fleste lokalavisene i fylket i mindre grad prioriterer nettet.

Samstundes går opplagstala svakt nedover og folk brukar stadig meir tid på nettaviser og sosiale media.

– Vi er så små at vi kan ikkje utvikle noko på eiga hand. Vi er avhengige av at andre gjer det og at vi eventuelt kjøper det eller er del av ei større gruppe, seier Flatebø vidare.

– Tida er ikkje moden

Forslaget frå redaktøren i Fjordabladet får både støtte, men også kraftig motbør frå redaktørkollegaene i Nordfjord.

I Måløy er Erling Waage i Fjordenes Tidende ikkje interessert i frieriet frå kollegaen på Nordfjordeid.

– Nei, eg trur ikkje tida er moden for det.

– Eg trur nettavisa bør vere synonymt og identisk med lokalavisene og vere ein del av den strategien med å tenke lokalt, seier Waage og meiner nett og papir kan utfylle kvarandre.

Vil ha sitt namn på det dei lagar

Bengt Flaten, redaktør i Fjordingen.

FJORDINGEN: Er namnet som skal stå på alt som bli publisert frå avisa til Bengt Flaten.

Foto: Guri Haram / Fjordingen

I dag har tre av lokalavisene i Nordfjord delvis felles eigarskap. Fjordabladet er deleigd av Polaris Media, medan Fjordenes Tidende og Fjordingen i Stryn er heileigd av det store mediekonsernet.

Men heller ikkje Bengt Flaten i Fjordingen er interessert i eit samarbeid om felles nettavis.

– Nettavisa vår er ein del av det vi driver med under paraplyen Fjordingen. Det vi publiserer skal vere under Fjordingen sitt namn, enten det er på papir eller nett, seier Flaten.

For sjølv om avislesinga går ned på landsplan, står lokalavisene seg betre i konkurransen mot internett. Flaten seier Fjordingen går bra økonomisk og meiner det er best med ein eigen plattform på nettet.

– Folk i indre delar av Nordfjord har gjerne ulike syn på saker enn folk i andre delar av regionen. Då er det viktig at vi held på mediemangfaldet tenkjer eg, seier redaktøren.

– Eg vil ikkje avvise ein slik tanke

Bjørn Grov

OPEN FOR DISKUSJON: Bjørn Grov i Firda Tidend vil ikkje avvise forslaget.

Foto: NRK

Den fjerde redaktøren i Nordfjord, Bjørn Grov i Firda Tidend på Sandane er derimot meir interessert i forslaget frå redaktørkollegaen på Nordfjordeid.

– Ja, eg vil ikkje avvise ein slik tanke. Eg synst den kan vere interessant.

Grov seier vidare at ingen av avisene i Nordfjord i dag satsar noko særleg på nett, og ser moglegheiter.

– Det er jo ikkje noko tung satsing på nettavisene frå nokon lokalaviser i fylket, seier han.

– Kva fordelar ser du med ei felles nettavis?

– Då tenkjer eg meir ein sånn Nordfjordportal. Det er klart kombinasjonen av annonse, papir og nett, den er interessant, seier Grov.

Trur på betre journalistikk

Tilbake i Fjordabladet sine lokale håpar redaktør Tormod Flatebø at diskusjonen ikkje blir lagt død med det same.

– Eg trur at det ville blitt mykje god journalistikk i eit større miljø enn det vi har i dag.