Hopp til innhold

Meiner Breivik burde vore dømd til over 1600 år i fengsel

Leiaren i Framstegspartiet i Sogn og Fjordane meiner Anders Behring Breivik burde vore dømd til 1600 år i fengsel. – Han burde vore dømd til 21 års fengsel for kvart av dei 77 drapa, seier Frank Willy Djuvik.

Frank Willy Djuvik (Frp)

STRENGARE: Frank Willy Djuvik i Sogn og Fjordane FrP vil ha strengare straff for drapsmenn som til dømes Anders Behring Breivik.

Foto: Oddleif Løset/NRK

– Så kan ein latterleggjere det at ein får over 1000 år i fengsel, men det er fordi du både skal straffast for kvart enkelt lovbrot, men det er og fordi pårørande til offera skal vite at du er dømd til lovens strengaste straff for drapet på deira unge, seier Djuvik.

Før helga kom den historiske dommen mot terroristen som stod bak 77 drap i regjeringskvartalet og på Utøya 22. juli i fjor sommar. Behring Breivik vart dømd til det som i dag er lova si strengaste straff, 21 års forvaring med ei minstetid på ti år.

Fleire tek no til orde for å at terroristar i framtida skal bli strengare straffa. Blant dei som vil ha livstidsstraff er Frank Willy Djuvik i Sogn og Fjordane Frp.

– Endå viktigare enn det meiner eg at når menneske utfører kriminelle handlingar så må dei dømmast for kvart enkelt lovbrot, seier Djuvik til NRK.no.

Tek til orde for livstidsstraff

Ap-topp Roger Ingebrigtsen er statssekretær i Forsvarsdepartementet og opplevde sjølv at stedottera vart hardt skadd då gjerningsmannen skaut rundt seg på AUF sin sommarleir på Utøya sist sommar.

Han vil no innføre livstidsstraff i Norge, skriv avisa Nordlys.

– Dei menneska som i ekstreme tilfelle set eit heilt samfunn på prøve ved å utføre ulike former for terrorhandlingar (…) der meiner eg at ein må opne for at dei ikkje skal få fridomen tilbake, seier han til NRK.

Leiaren i Justiskomiteen på Stortinget, Per Sandberg (Frp), er blant dei som støttar opp om forslaget.

Sunnfjordingen Thomas Indrebø vart kasta som meddommar i rettssaka mot massedrapsmannen fordi han hadde skrive på Facebook at dødstraff var den einaste rettferdige straffa.

Vil ha over 1000 år fengsel for Behring Breivik

Også den fremste Frp-politikaren i Sogn og Fjordane vil ha strengare straffer i Norge.

– Ein kan gjerne seie at ein har ei maksstraff for eitt enkelt lovbrot. Men for eksempel i Anders Behring Breivik sitt tilfelle, som utfører drap på 77 menneske, så bør han faktisk dømmast til 21 år for kvart av dei 77 drapa, seier Djuvik og viser til at dette vil bety over 1000 år i fengsel, nærare bestemt 1617 år.

Djuvik meiner straffenivået i Norge er for lite avskrekkande og bør skjerpast betydeleg.

– Men er det ikkje lettvint å hive ut av seg at han bør ha over 1000 år i fengsel?

– Det kan du seie, men det er eit prinsipp om at dei lovbrota du utfører, dei skal du og straffast for, svarar Djuvik.

Vil ha slutt på strafferabatt

Han viser vidare til at det er ein uting med strafferabatt.

– Sjølv om du gjer utruleg masse lovbrot, så skal du ikkje får rabatt for det. Når du utfører kriminelle handlingar må du stå til ansvar for kvart enkelt lovbrot, og ikkje det verste du har gjort.

At fleire politikarar, mellom anna Roger Ingebrigtsen i Ap, tek til orde for livstidsstraff er fylkesleiaren i Framstegspartiet glad for.

– Men det som sjølvsagt er synd er at det må slike saker til før den debatten kjem og før vi gjer noko.