Hopp til innhold

Løken trur Sogndal overlever

NRK sin fotballekspert Karl Petter Løken er overraska at det har gått så dårleg som det har gjort med Sogndal i årets eliteserie. Men han trur dei unngår nedrykk.

karl Petter Løken

EKSPERT: Karl Petter Løken trur at Sogndal klarer å berge plassen i eliteserien med eit naudskrik.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / arkiv / NRK

Fotballeksperten var som mange andre positivt overraska over Sogndal i starten av sesongen. Men han tykkjer det er rart at resultata har uteblitt, særleg etter at den nye kunstgrasbana kom på plass i sommarferien.

– Det verkar nesten som at den nye kunstgrasbana ikkje har vore nokon fordel i alle fall. For på dei siste 13 kampane så har vel Sogndal berre ein siger, åtte tap og ein uavgjort, så eg er litt overraska. For når dei først kom så godt i gang så var eg sikker på at dei kom til å gjere det relativt bra i alle fall, seier Karl Petter Løken til NRK Sogn og Fjordane.

Vil få det tøft

Han trur Sogndal vil få det tøft når dei søndag møter tabellnabo Sandnes-Ulf borte, ein kamp som er like viktig for begge dei to botnlaga.

– Det er jo nærast som ein cupfinale å rekne for Sogndal sin del. For skulle dei vinne, så vil dei jo brått ha fem poeng til Sandnes-Ulf. Men skulle dei tape så ligg dei eit poeng bak, så det er jo ein veldig viktig kamp. Då snakkar vi jo om 14. plassen som eventuelt då vil gje kvalifisering. No er det jo sjølvsagt nokre kampar att, og det er sjølvsagt nøkkelkampar dei kampane ein spelar mot lag som er om lag på same nivå, sler Løken fast.

– Dette blir krig

– Kva bør Sogndal gjere no for å klare å berge plassen?

– Eg trur i alle fall dei skal førebu seg på dei bortekampane i Sandnes og så i Fredrikstad, og det einaste dei treng å førebu seg på er at det blir krig. Det kjem til å bli bikkjeslagsmål, og når ein spelar mot andre lag som har kniven på strupen så kan du vere heilt trygg på at du kjem til å få mykje innsats imot. No er det å krige seg til poeng for Sogndal, og det laget som vil mest det vinn som regel.
Eg tippar uavgjort 1-1, seier Løken.

Assistenttrenar i Sogndal Fotball, Terje Skjeldestad, er klar på at laget går på ei vanskeleg oppgåve når dei dreg til Sandnes i helga.

– No har vi gått ei stund utan siger, så når vi no møter ein tabellnabo også, så blir den kampen ekstra viktig. Sandnes kjem heilt sikkert til å gå ut aggressivt og tøft, og vi skal prøve å svare med same mynt. Det er to lag som har hatt resultata imot seg i det siste og to lag som har kjempelyst å vinne, seier Skjeldestad.

Taja Teniste

BØYER SEG I GRASET: Taijo Teniste, som til Sogndal frå Levadia Tallinn, er klar for tre nye år.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Taijo forlengar

I dag vart det kjend at Taijo Teniste forlengar kontrakten sin med Sogndal med tre nye år, og samstundes prøver Sogndal ut fleire nye spelarar.

Pól Jóhannus Justinussen har denne veka vore på prøvespel i Sogndal, og har ifølgje spelarutviklar Håvard Flo gjort sine saker bra.

– Han har gjort ein okay figur. Han er ein fin gut, ein tøff spelar som er røff i duellane og har ein god venstrefot. Han har spelt på godt nivå, og vore involvert i ein del med landslaget. Han har ein del internasjonale kampar under beltet, seier Flo.