Hopp til innhold

Azar kan vere på veg til Hønefoss

Azar Karadas vart i sommar fristilt frå den tyrkiske fotballklubben Kasimpasa. No kan han vere på veg til eliteserieklubben Hønefoss.

Azar Karadas

UTAN KONTRAKT: Azar Karadas er for tida utan kontrakt, og ifølgje agenten hans er dei i samtalar med fleire klubbar. Blant dei er eliteserieklubben Hønefoss.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Det er Ringerikes Blad som har vore i kontakt med agenten til eidaren og stadfestar ein mogleg overgang.

– Hønefoss er ein av fleire klubbar vi snakkar med. Meir kan eg ikkje seie, seier agent Jack Karadas til avisa.

31-åringen frå Nordfjordeid har spelt for den tyrkiske klubben Kasimpasa sidan 2009, men vart i sommar fristilt frå kontrakten. Etter at han kom tilbake til Norge har Karadas spelt saman med Brann, der han spelte før han reiste til Tyrkia.

På spørsmål frå Ringerikes blad om kor nær dei er ei avgjerd om kor Karadas skal spele framover svarar agent Jack Karadas slik.

– Dette er ein prosess, og det vil ta tid.

Hønefoss-trenar Leif Gunnar Smerud vil overfor avisa ikkje kommentere noko rundt verken Azar Karadas eller andre eventuelt nye spelarar.

I samband med at Erik Huseklepp skreiv under for Brann i slutten av juli , sa Rolf-Magne Walstad, som er klubbens sportslege administrative ansvarlege, dette om ein eventuell signering av Karadas hos dei.

– Vi veit at Azar har avslutta sin avtale i Tyrkia og har forstått at han er på klubbjakt. Det ville vere dumt å utelukke det, men vi har i utgangspunktet ikkje tenkt på framtida når det gjeld han. Tida vil vise kva som skjer.