Hopp til innhold

Nærbutikkar kan få minipol

Fire av ti lokalbutikkar går så dårleg at det er fare for at dei blir nedlagde. For å gje nærbutikkane fleire bein å stå på, vil kommunalministeren sjå om det er mogleg at fleire småbutikkar får minipol.

Vinflasker

EIT LITE UTVAL: Eit lite utval av vin kan bli eit ekstra bein å stå på for nærbutikkar som slit økonomisk.

Foto: Lasse Hansen / NRK

Landhandlar Hans-Jacob Sunde på øya Reksta i Flora kommune er blant dei som veit kor vanskeleg det er å få ein liten nærbutikk til å gå rundt. Sunde driv den vesle og einaste butikken på øya der det bur om lag 100 fastbuande.

– Butikken er veldig viktig for eit lokalsamfunn. Du kan tenkje deg det sjølv, du hadde ikkje budd på ein plass der du ikkje hadde tilgang til butikk, seier Sunde.

Men nesten halvparten av alle lokalbutikkane slit med å få hjula til å gå rundt. Ein ny rapport viser at fire at ti lokalbutikkar gjer det så dårleg økonomisk at dei står i fare for å forsvinne.

Minipol kan vere løysinga

Mange meiner at lokalbutikken er limet i små bygder, men korleis skal ein sikre at butikkane overleve? Hans-Jacob Sunde i Rognaldsvåg veit at han må tene pengar på mykje meir enn berre mat.

– Meir enn 50 prosent av innteninga må eg ha inn på andre ting enn sal av mat, det er heilt avgjerande, seier landhandlaren.

Kommunalminister Liv Signe Navarsete er uroa over den dårlege økonomien til lokalbutikkane. Ho vil gjerne jobbe for at butikkane skal få fleire bein å stå på. Eit av dei kan vere det å selje vin.

– Vi har ei forsøksordning med minipol, som har vore prøvd ut ei lita stund i nokre mindre butikkar rundt om i landet.

– Det meiner eg er ein veg å gå. At ein kan ha eit litt mindre utval av polvarer som er nært folk, så slepp dei reise så langt, seier Navarsete til NRK.no.

(Artikkelen held fram under videoen)

Nærbutikkane går ei uviss framtid i møte - det viser ei ny undersøking.
6 av 10 står i fare for å bli lagt ned, om dei ikkje får fleire bein å stå på.
No vil kommunalministeren at nærbutikkane skal få drive mini-pol.

Er positiv til vin i butikken

Landhandlar Sunde trur minipol kan vere ei god løysing for å få den økonomiske pila til å peike rett veg.

– Vår type butikk ønskjer å ha eit breiast mogleg tilbod, og vi ønskjer å ha alle dei varene som folk naturleg gå å kjøper.

– Kvifor kan vi ikkje ha ei lita hylle med vinvarer, på lik linje som vi har hyller med medisin, tobakk og øl i tillegg til daglegvarene, seier Sunde.

– Spikaren i kista om butikken forsvinn

Nærbutikken i Rognaldsvåg er det naturlege samlingspunket i bygda, og alle veit kor kaffikanna står.

Kjell Robert Magnesen er ein av innbyggjarane som fryktar det verste om butikken i framtida vil forsvinne.

– Du får viktig informasjon her. All sladder går føre seg her, og så får ein vite alt som skjer. Er det nokon som treng hjelp, eller du sjølv treng hjelp, så kan du formidle det her på butikken.

– Kva skjer med bygda om butikken forsvinn?

– Det blir spikaren i kista for bygda, så det håpar eg aldri skjer.