Hopp til innhold

Anleggsleiar slår alarm om rasfarleg Dalsfjordsamband

– Det er vel eigentleg eit skandaleprosjekt. Eg kan ikkje seie noko anna, seier Bjørn Tore Årevik i KA Aurstad AS.

Steinras ved Eikenes

NYTT RAS: Laurdag ramla det ned mellom ti og 15 steinar ved Eikenes.

Foto: Steinar Bauge

Årevik er anleggsleiar på Dalsfjordsambandet, og slår alarm om eit svært rasfarleg og dårleg planlagt vegprosjekt.

Sist laurdag gjekk det eit stort steinras i anleggstraseen , same stad som det like før var stor aktivitet og oppstillingsplass for bilar og maskiner.

– Vi har hatt flaks fleire gonger. Hendingane har vore på vår side, seier Årevik hos KA Aurstad.

– Vi blir usikre

Raset er ikkje det første på det nye sambandet som opphavleg var kalkulert til kring 900 millionar kroner. Nyleg tok eit jordras med seg store delar av det nye vegfundamentet i det same området.

Tidlegare har ein tunnel rasa saman . I sommar åtvara geolog Einar Alsaker i Sunnfjord Geosenter mot rasfaren på sambandet som etter planen skal opne i desember 2013.

– Eg er redd for at vi kan få ein ny Kjøsnesfjorden-problematikk. Der var bygd ein veg som viste seg å ha store problem med steinsprang og skred, seier geologen.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Dalsfjordbrua tek form

SJÅ TV-SAK: Dalsfjordbrua tek form.

Forkastingssone

Både i sommar og etter raset i helga, avviste geolog Geir Helge Frækaland i Statens vegvesen at delar av strekka er så rasfarleg som ein vil ha det til.

I helga sa Frækaland også at ein vil gå over og vurdere det som skjedde laurdag og gjere naudsynte sikringstiltak.

– Det er eit faktum at heile Dalsfjord-området er ei forkastingssone, det er oppsprukke fjell, og det er ei 600 meter høg, bratt fjellside. Eg trur ikkje nokon kan gje garanti for at det ikkje vil gå ras. Men vi har likevel vurdert det som forsvarleg å ha veg i dagen på strekninga.

Årevik kjenner seg ikkje trygg og prisar seg lukkeleg for at det så langt har gått bra.

– Vi blir sjølvsagt usikre når det stadig kjem store steinnedfall, og ganske store steinnedfall som i helga, seier han.

Sidan 1970-talet

Med oppstart allereie på 1970-talet, har sambandet ei lang historie. Etter at fire kilometer veg og 500 meter tunnel var opparbeidd, vart prosjektet stogga i 1979.

I oktober 2005 varsla samferdsleministeren at sambandet, som skal knyte kommunane Fjaler og Askvoll saman, skulle få finansiering. Tre år seinare var reguleringsplanane godkjende, medan fylkestinget vedtok prosjektet året i desember 2009 .

Årevik tykkjer prosjektet er elendig prosjektert av Statens vegvesen.

– Hadde det vore prosjektert, og ein hadde fått fram kostnadene, så hadde det truleg ikkje blitt noko av, seier han.

Avviser kritikk

– Er det slik å forstå at dette er umogleg å få trygt?

– Ja. Skal det bli trygt så må ein ha tunnel heile vegen.

Einar Kåre Hovland, prosjektleiar for Dalsfjordsambandet i Statens vegvesen, ynskjer ikkje å kommentere kritikken frå Årevik. Han meiner det ikkje er grunnlag for den.

– Det har vore ein prosess med reguleringsplanar og alt som er godkjent. Vi må halde oss til den planen, seier han.

– Ei lita overdriving

– Kva er din kommentar til dei som jobbar der seier at det er svært farleg å jobbe der?

– Alle vegprosjekt som går i slike forhold må rekne med at det oppstår forhold som ein må avklare. Men prosjektet har gått utan at ein har fått alvorlege skader, eller at nokon har blitt skadde. Eg tykkjer dette er ei lita overdriving, seier Hovland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dalsfjordbrua slik ho etter planen skal sjå ut

BRUA: Slik blir brua som skal knyte saman Fjaler og Askvoll.

Trassar avtale

Ifølgje ein avtale mellom entreprenørane og Statens vegvesen er det berre sistnemnde som har lov til å uttale seg offentleg om utbygginga av vegprosjektet.

Årevik vel likevel å gå ut i media av omsyn til tryggleiken til arbeidarane og framtidige trafikantar.

– Hadde dei planlagt skikkeleg frå starten av, så hadde dei gjort Eikenestunnelen mykje lengre. No har det vore så mykje sikring og arbeid aust for Eikenestunnelen at det hadde blitt dyrare enn om tunnelen hadde blitt forlenga tilsvarande, seier han.

Blir mykje dyrare

Årevik anslår at prosjektet har overskride kostnadsråma med mellom 100 og 200 millionar kroner. Dette ynskjer ikkje Hovland å kommentere.

Samtidig legg han til at kritikken burde vore halde internt.

– Vi hadde rekna med at dei først hadde kome til vegvesenet først, og ikkje gått til NRK, avsluttar han.