Hopp til innhold

Ras på Dalsfjordvegen

Laurdag gjekk det eit steinras på den framtidige Dalsfjordvegen, berre nokre få meter inanfor bommen til veganlegget på Eikenes.

Steinras ved Eikenes

STORE STEINAR: Raset stengjer den framtidige Dalsfjordvegen.

Foto: Steinar Bauge

Nokså store steinblokker la seg i vegbana.

Geolog Einar Alsaker som driv Sunnfjord Geosenter i Stongfjorden sa tidlegare i sommar til NRK at strekninga mellom Eikenes og Otterstein er så rasfarleg at det burde byggjast ein lengre tunnel der.

– Spesielt den om lag to kilometer lange strekninga mellom Eikenestunnelen og tunnelpåhogget ved Steiehalsen, på askvollsida, vil bli svært rasfarleg, sa Alsaker då.

No kom raset laurdag lengre vest, like innanfor Eikenes ferjekai. Alsaker seier han ikkje har lyst til å kommentere raset nærare, han viser til det han sa til NRK tidlegare i sommar.

Steinras ved Eikenes

NÆR BOMMEN: Nokre av steinane la seg til ro berre få meter frå bommen ionn til anleggsområdet.

Foto: Steinar Bauge

– Trygt nok

Dalsfjordsambandet er kostnadsrekna til om lag 900 millionar kroner og skal stå klart til bruk til hausten neste år.

Geolog Svein Helge Frækaland i Statens vegvesen står fast ved at det er trygt nok å ha veg i dagen der det no gjekk ras.

– Ja, det gjer eg. Vi undersøkte fjellsida der i samband med planlegginga av prosjektet, og vi fann ikkje noko rasløp der og ikkje ferske nedfall. Vi plukka ut nokre område like aust for Eikenestunnelen, der har vi gjort noko sikrings- og renskingsarbeid i samband med anlegget. Vi har og bygd voll under ei ur.

Men der raset gjekk laurdag er det ikkje gjort sikringsarbeid.

– Nei, der er det litt slakare fjellside. Men vi kjem til å undersøke det som no har skjedd og gjere dei sikringstiltaka som er naudsynte.

– Ikkje garanti mot ras

Ideelt sett er Frækaland samd med Alsaker at det burde vere tunnel på strekninga.

– Det er eit faktum at heile Dalsfjordområdet er ei forkastningssone, det er oppsprukke fjell, og det er ei 600 meter høg, bratt fjellside. Eg trur ikkje nokon kan gje garanti for at det ikkje vil gå ras. Men vi har likevel vurdert det som forsvarleg å ha veg i dagen på strekninga.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.