Hopp til innhold

Mann skadd i eksplosjon

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

63 år gamal mann kritisk skadd i eksplosjon ved eit kraftverk i Aurland i natt.

Ved tunnellinngangen der ulukka skjedde

EKSPLOSJON: Røykproppen ligg mellom 200-300 meter inne i tunnellen.

Foto: Arne Veum

Mannen vart send til Haukeland universitetssjukehus, og dei karakteriserer laurdag morgon skadane som kritiske.

Røykdykkarar frå E-CO Energi er no på staden for å få sett i gong ventilasjonsanlegget inne i tunnellen. – Vi må få ut røyken frå kraftstasjonen, slik at vi kan gå inn og sjå kva som har skjedd, seier informasjonssjef i E-CO Energi, Per Storm-Mathisen.

Veit ikkje årsaka

– Det er førebels uklart kva som er årsak til ulukka, men det må vere feil på ein komponent, seier Storm-Mathisen. Noko klart svar får ein ikkje før åstaden er undersøkt.

Den 63 år gamle mannen skulle sjekke ein feil på ein brytar inne i kraftstatsjonen, og var åleine på staden då ulukka skjedde i 01-tida. Han kom seg ut av området sjølv, og fekk varsla om hendinga.

Arbeidsulukke

– Saka blir no etterforska som eit alvorleg arbeidsuhell, og Arbeidstilsynet vil bli informert om saka. Vi har også varsla Direktoratet for samfunnssikerhet og beredskap, seier operasjonsleiar ved politiet i Sogn og Fjordane, Wenche Hope.

I samband med ulukka vart Aurland kommune utan straum, men Storm-Mathisen i E-CO Energi opplyser at straumen var tilbake etter nokre timar.

Saka vert vidare etterforska av politiet i Indre Sogn.