Hopp til innhold

Vil vite om det har blitt meir fjellrev i fjellet - difor ber SNO folk om hjelp

Fjellrev er ein av dei mest utryddingstruga dyreartane i Norge. No ber Statens naturoppsyn reinjegerar og andre fjellfolk om hjelp til å finne ut om bestanden i Nordfjella villreinområde er i ferd med å ta seg opp.

Fjellrev som er sett ut ved Finse i 2011

FÅ ATT: Det er ikkje mange fjellrevar att i fjella i Norge. Biletet er av ein fjellrev som i fjor vart sett ut ved Finse. No om sommaren/hausten har fjellreven ein annan farge, no er den mørk, svart eller gråleg med lysare flekkar under magen. Fjellreven er også litt mindre enn ein vanleg raudrev.

Foto: SNO-Aurland, Rein Arne Golf

Fjellreven er eit sjeldan syn i norske fjell. Det er kanskje berre litt over 50 eksemplar igjen i heile Norge, og lenge har ein jobba for å berge bestanden.

Statens Naturoppsyn (SNO) er spente på om fjellreven har funne seg til rette i Nordfjella villreinområde, eit fjellområde som ligg i kommunane Hol, Ål, Hemsedal, Aurland, Lærdal og Ulvik.

Rein Arne Golf som er regionalt rovviltansvarleg i SNO ber reinjegerar og andre folk i fjellet om hjelp til å kartlegge bestanden.

– Vi ventar at det kan etablere seg fjellrev i dette fjellområdet. Tidlegare har det vore fjellrev der, og tilbake på 1070 og 1980-talet yngla det rev her, seier Golf som seier det sist helg vart observert to fjellrevar ved Melarhytta i Aurland kommune.

Har sett ut fjellrev fleire stader i fjellet

Det er ingen som veit heilt sikkert kvifor det har blitt så få fjellrevar i Norge. Men då ein hadde ei teljing for nokre år tilbake var det kanskje berre rundt 50 fjellrevar i heile Norge.

Etter å ha gjort fleire tiltak for å prøve å berge bestanden, er det no knytt stor spenning til om prosjekta har lukkast.

Fleire stader har ein sett ut merka fjellrev i fjellet, dette skjer både i Nordland, Oppland og i Ulvik i Hordaland. Håpet er at revane skal pare seg og spreie seg til større geografiske område.

– Ei spesiell oppleving

Golf håpar no at fjellrevar som er sett ut på Finse skal ha funne vegen litt lenger nord og vil etablere seg i Nordfjella villreinområde.

– Alle turgåarar som er i fjellområda kan gje oss denne tilbakemeldinga. Men under reinsjakta er det mykje folk i fjellet, så då er sjansen truleg større for å sjå fjellreven, seier Golf til NRK.no.

– Det vil vere ganske spesielt for folk å sjå ein av desse mest truga dyreartane vi har i fjellet, seier han vidare.

– Dette er ein art vi ønskjer

Til forskjell frå raudreven kan fjellreven vere ganske nysgjerrig og kome nært opp til menneske for å finne seg mat.

Leiar i Aurland Jeger- og fiskeforeining, Rune Aasen, har ingen problem med å følgje opp oppmodinga frå Naturoppsynet.

– Det er klart vi skal sjå etter fjellrev, det er ein art vi ønskjer, seier han og legg til:

– I tillegg til å vere jegerar er vi fjellfolk, og vi er glade for det mangfaldet vi kan få.

Ber folk sjå etter øyremerke

For å finne ut om fjellrevane som folk eventuelt ser i fjellet er dei som er sette ut, eller om det er revar som har blitt til i fjellet dei seinare åra, ber SNO folk om å sjå etter øyremerke.

Dei som har øyremerke er sette ut, men om folk ser nokon utan er det godt nytt, seier Golf som håpar at det kan ha blitt reprodusert ungar i fjella.

Aasen seier jegerane skal ta seg tid til å sjå nøye etter.

– Ein reinjeger sit i toppane og ser i kikkert heile dagen, så ser han ein fjellrev så skal vi registrere det.

– Får vi skyte rein under jakta er vi heldige, får vi sjå ein fjellrev er det ein bonus.