Hopp til innhold

– Politiet må få krav om responstid

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand meiner krav om responstid for politiet må vere ein naturleg følgje av arbeidet til 22. juli-kommisjonen.

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand, Sogn og Fjordane

RESPONSTID: Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand i Sogn og Fjordane meiner 22. juli-rapporten bør få følgjer i form av krav til responstid også for politiet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Kommisjonen la i går fram sin rapport etter terroråtaka mot Regjeringskvartalet og Utøya 22. juli i fjor.

I alt 77 menneske omkom, medan nær 100 personar vart skadde. I rapporten får spesielt politiet sitt arbeid og organisering hard kritikk.

– Eg veit at det er stilt spørsmål tidlegare ved politiet sin responstid og kapasitet, så det er tydeleg at dette er noko some in bør gripe fatt i, seier Stensvand til Firda.

Burde vore raskare framme

For medan helsetenestene reagerte raskt og godt, konkluderer kommisjonen med at politiet kunne vore raskare framme ved Utøya.

Kommisjonen meiner dei to første politimennene som kom til Utvika burde sytt for båtar for å ta seg over til øya der AUF sin sommarleir vart arrangert med mellom 560 og 700 ungdomar.

«To tenestemenn godkjent for væpna oppdrag forutsettes å kunne aksjonere mot en slik motstandar,» slår rapporten fast.

Fokus på politiarbeidet

Politiet kjem ofte sist til ein åstad av naudetatane. Stensvand seier til Firda at politiet ikkje har noko krav til responstid, i motsetnad til brannvesen og helse.

Han ynskjer ikkje å meine noko om korleis politiet er bemanna, men ser ikkje noko anna enn at det blir eit nytt fokus på politiet sitt arbeid. Og då spesielt den operative rolla.

– Som kommisjonen peikar på, er det òg viktig å sjå på korleis det på ein best mogleg måte går an å bruke dei ressursane ein faktisk rår over, seier Stensvand til avisa.

– Positivt

Leiar i Politiets Fellesforbund i Sogn og Fjordane er samd i at fokus på responstid for politiet vil vere eit positivt tiltak.

– Eg trur responstida kan vere med å avdekke dagens situasjon, og kor lite tilfredsstillande den er. Det er ikkje bra når folk må vente i timar på politiet, seier han til NRK.no.

Drange poengterer at minstekrav til responstid vil vere positivt, ikkje berre med tanke på store hendingar.

– Bør definere minstetid

I helgar og på kveld- og nattetid kan betjentar i Vågsøy risikere å rykkje ut til hendingar i indre Nordfjord.

I Florø måtte naboar sjølve jage og fakke ein innbrotstjuv då politiet ikkje hadde ein ledig patrulje i byen .

– Det er kvardagskriminalitet som rører ved folk og får ein ubedne gjester i hus eller andre ting så ynskjer ein politi raskt til staden. Eg meiner det bør vere definert ei minstetid eller responstid for når ein kan få hjelp, seier Drange.

– God, grundig og ærleg

– Responstid åleine er ikkje løysinga på det, men krav til minstetid er også krav til minstetid for trening. Også når det gjeld «skyting går føre seg» så er det lite øvd på. Meir fokus på det er absolutt å anbefale, held han fram.

Drange meiner det ikkje er noko som tyder på at Sogn og Fjordane politidistrikt hadde takla 22. juli noko betre enn det kollegaene i Buskerud gjorde.

– Skulle det sjå dramatiske situasjonar, så ville eit kvart politidistrikt få problem, seier han og meiner rapporten frå 22. juli-kommisjonen er god, grundig og ærleg.