Hopp til innhold

Fleire høyrde intenst skrik frå fjellet

Fleire uavhengige personar høyrde i ettermiddag eit intenst skrik frå skogsområdet Frammarsvik i Naustdal.

Redningsaksjon i Naustdal
Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Skriket skal ha blitt høyrt i 12.30-tida. Ifølgje politiet høyrde fleire uavhengige personar skriket.

Frammarsvik ligg langs riksveg 611 mellom Naustdal og Vevring. Søket vart like over klokka 14 avslutta.

– Vi har teke imot meldingar frå fleire uavhengige personar, og det er det som gjer at vi har sendt ut ein Sea King. Det lettar no og set kursen mot teigane kring Luftkampmuseet, seier operasjonsleiar Agnar Dregelid ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ingen er sakna

Søket vart avslutta etter kring ein time. Eit Sea King redningshelikopter frå Florø gjorde to søk i terrenget.

Nils Ole Sunde, vakthavande redningsleiar ved Hovudredningssentralen på Sola seier det er uvisst om det er ein mann eller ei kvinne som er blitt høyrt.

– Vi har berre fått skildra eit intenst skrik frå det som høyrest ut som eit menneske, men ikkje noko ord, seier han.

– Uråd å skildre

NRK.no har snakka med ein av personane som høyrde skriket.

– Det var eit kraftig og høgt skrik, som vi ikkje har høyrt liknande til. Det var ikkje sauer eller andre dyr, men det er uråd å skildre. Det var i alle fall ikkje nokon som hadde det moro, seier vedkommande.

– Det kan indikere at nokon har problem, og sidan det er veldig vanskeleg å sjå noko frå der det er blitt observert så må vi sjekke det ut frå lufta i første omgang, legg Sunde til.

Observerer

Helikopteret letta frå Florø klokka 13.11. HRS vart kontakta av politiet klokka 12.53. Sunde skildrar terrenget som bratt og med mykje kratt.

Terrenget er ikkje lett tilgjengeleg.

– Sea King'en vil observere frå lufta innanfor eit område basert på kor langt ein faktisk kan høyre slike rop og skrik. Særskilt vil ein sjekke bekkefar og fjellskrentar for å sjå om det er nokon som har problem, legg Sunde til.

Vurderer utviding

Frivillig hjelpemannskap er rutinemessig varsla i tilfelle det skulle bli behov for å sende ut leitemannskap.

Like før klokka 14 opplyser Dregelid at helikopteret har gjort eitt søk, men vil gjere ytterlegare eitt søk i eit utvida området.

– Vi har ein patrulje på staden og vurderer fortløpande om vi skal kalle ut anna hjelpekorps, seier Dregelid.

– Alt skal vere ok

Politiet har førebels ingen indikasjonar på at det skal vere folk i området. Like over klokka 14 opplyser politiet at søket er avslutta.

Parkerte bilar og personar på hytter er gjort rede for. Det er heller ingen sakna i området. Politiet har gjennomført rundspørring i området.

– Vi har sjekka opp hytter og bilar som står parkert i området. Der skal alt vere ok, seier Dregelid og ikkje vil spekulere i kva skrik som er høyrt i området.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.