Ingen vart skadd i utforkøyringa, og politiet fekk melding om uhellet i 14-tida i ettermiddag.
Hevda å blitt pressa ut
Det var ein utanlandsk trailer som hadde køyrd utfor fylkesveg 60 på nordsida Utvikfjellet.
Føraren har påstått ovanfor politiet at han vart pressa ut av vegen av ein forbipasserande buss. Begge køyretya var på veg oppover fjellet.
Bussen, ein norsk-registrert turistbuss på gjennomreise, køyrde vidare, men vart seinare spora opp, og føraren vart gjort kjend med hendinga.
Ventar stenging
Det vert ikkje oppretta sak på forholdet.
Vegen har ikkje vore stengd i samband med utforkøyringa, men det er venta ein periode med stenging når lastebilen skal bergast opp frå grøfta.