Hopp til innhold

Ankar dom etter dødsulukke

Mannen som vart dømd til fengsel etter ei dødsulukke i Høyangertunnelen i fjor, ankar dommen frå Fjordane tingrett.

Motorsykkelulukke i Høyangertunnelen

MISTE LIVET: Ein 44 år gamal mann omkom etter ulukka i Høyangertunnelen i juni i fjor sommar.

Foto: Lars Jonas Pedersen

Den 22. juni i fjor omkom Bjørn Robert Nesse (44) frå Høyanger då han på motorsykkel kolliderte med ein personbil som var i ferd med å snu i eit mørklagt parti inne i Høyangertunnelen.

Ein sogning i 30-åra som var førar av personbilen vart dømd til fengsel i 30 dagar, der 16 dagar var på vilkår. Retten meinte det var bevist at tiltalte hadde opptredd uaktsamt, ved å ta ein unødvendig risiko då han snudde inne i tunnelen.

Bilføraren sa seg ikkje skuldig og meinte han var merksam då han snudde. Han meinte vidare at motorsykkelen måtte ha kome i svært stor fart og var utan lys i fronten. At motorsykkelen mangla lys har retten lagt til i formildande retning.

Forsvarar Svein Tømmerdal seier til NRK.no at dommen blir anka.

– Min klient kjenner seg uskuldig dømd, seier Tømmerdal som ikkje vil kommentere saka utover det. Det er levert ei fullstendig anke i saka.