Hopp til innhold

Føraren slapp frå dette utan skade

Ein større betongbil har velta ut i grøfta i Vadheim sentrum.

Betongbil i grøfta

I GRØFTA: Betongbilen velta like etter Vadheim-svingen mot Førde. Den skal ha komme frå Høyanger.

Foto: Olav Brekken

Mannen som køyrde bilen skal ikkje ha blitt skadd i utforkøyringa.

Vitne på staden fortel at det er tydeleg at betongbilen har hatt for stor fart gjennom svingen, og at den no ligg velta på sida inn i ein privat hage.

Bilen skal ha komme frå Høyanger, og teke av mot Førde i svingen i Vadheim sentrum.

Politiet kan førebels ikkje bekrefte om for høg fart er årsaka til ulukka. Patrulje er på staden no for å etterforske.

På veg ut i grøfta har betongbilen knekt ei lysmast. El-verket har vore på staden og fjerna lysmaskta.

Politiet fekk melding om uhellet klokka 19:20

Betongbil i grøfta

VELTA: Betongbilen ligg no velta inn i ein hage på Vadheim.

Foto: Olav Brekken