Hopp til innhold

Fleire NM-medaljar til fylket

Fredag vart ein god start på junior-NM i friidrett i Sigdal. Representantar frå Sogn og Fjordane samla totalt seks medaljar.

Trude Raad

GULL OG BRONSE: Trude Raad frå Gloppen sikra seg både gull i sleggje og bronse i kule på friidretts-NM i Sigdal.

Foto: Thore-Erik Thoresen / NFIF

Det vart eit gull, ein sølv og fire bronser til utøvarar frå Sogn og Fjordane første dagen i junior-NM.

Åttande gull på rad

Trude Raad frå Gloppen sikra seg ein gullmedalje i sleggje, samt bronse i kule.

Dette er åttande gullet hennar i sleggjekast i NM på rad.

– Eg er veldig nøgd med resultata med tanke på forma dei siste dagane. Sjukdommen har gjort at eg ikkje har fått trent skikkeleg, seier Raad til Firda.

Sølv i debuten

Marius Vedvik frå Førde, debuterte for Gular IL i Bergen, og var nest raskast på 5000 meter. Dermed sikra han seg ein sølvmedalje.

Tre andre frå fylket fekk bronsemedalje. Desse var:

  • Marte Rygg Årdal, Gloppen (sleggje)
  • Vanessa Sunde Hoel, Gloppen (kule)
  • Jostein Joshua Fossøy , Florø (100 meter)

Konkurransane held fram i dag og i morgon.