Hopp til innhold

Trekk planar om kraftutbygging

Statkraft har lagt frå seg dei mest omstridde utbyggingsplanane for kraftutbygging av Vestsideelvane i Jostedalen i Luster.

Vigdøla

TREKK SEG: Grunna økonomi trekk Statkraft seg frå planane om kraftutbygging av Vestsideelvane i Jostedalen i Luster. Biletet er teke ved Vigdøla.

Foto: Statkraft

Planane har møtt massiv motstand frå bygdefolket, og både kommunestyre og Fylkesmann har gått imot planane.

Vert for dyrt

Dårlegare økonomi i prosjektet er grunnen til at delar konsesjonssøknaden blir trekt tilbake, seier Jon Ulrik Haaheim i Statkraft.

– Det vert rett og slett for dyrt. Det er ein svært lang tunell på om lag 20 kilometer. Så er det også slik at rettspraksisen for erstatning for grunn og fall har auka jamnt og trutt, seier Haaheim.

Totaløkonomien går dermed ikkje opp for Stakraft.

– Vi vel difor å trekkje søknaden no slik at vi unngår ei omfattande saksbehandling, og å stille forventningar om ei utbygging og fallerstatningar som ikkje ville komme, seier han.

Statkraft opprettheld derimot konsesjonssøknaden av Vigdøla på andre sida av dalen.

Ikkje overraska

Ordførar i Luster kommune, Ivar Kvalen er ikkje overraska over at Statkraft trekk seg frå dei mest omstridde utbyggingsplanane.

– Dei har jo uttalt at Vestsideelvane hadde begrensa økonomi, og begrensa økonomisk potensiale, så eg er ikkje så veldig overraska, seier Kvalen.