Hopp til innhold

To personar gjekk i vatnet - begge er berga på land

Alt tilgjengeleg mannskap vart kalla ut til ein redningsaksjon i nærleiken av Eikefjord i Flora kommune. To personar fall i ein foss i nærleiken av Storebru på Riksveg 5.

Redningsaksjon i Eikefjord

REDNINGSMANNSKAP: Det gjekk bra med dei to som gjekk i elva i Eikefjord.

Foto: Truls Kleiven / NRK

AMK i Førde opplyser klokka 18.00 at det var to personar som var i ein foss, men begge skal vera komne på land.

NRK var i kontakt med politiet klokka 18.17, og då kunne dei opplysa om at ein far og son hadde falle i vatnet, men at dei no er komne på land. Begge to blir køyrt til legevakta i Florø for kontroll.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.