Hopp til innhold

Slike ras kan vi vente oss fleire av - også sommarstid

Dersom det held fram med stadig våtare klima kan vi vente oss fleire uventa ras, som det på fylkesveg 60 Olden-Innvik, i tida som kjem.

Krister Kristensen og Olden-Innvik

KJEM MEIR: Ekspert Krister Kristensen seier vi må rekne med fleire ras sommarstid dersom det våte klimaet held fram.

Foto: Steinar Lote/Arne Vik / NRK

Det trur Krister Kristensen ved Norges geotekniske institutt.

Måndag dundra svære steinblokker ned på den sterkt trafikkerte fylkesvegen mellom Olden og Innvik. Vegen er no stengd medan reinskingsarbeid pågår, men er venta opna ved midnatt.

Kristensen trur vi må bu oss på meir ras og rasfare sommarstid.

– Ja, viss vi får våtare klima, så må vi det. Heilt forenkla kan ein tenkje seg ein haug sand på tunet. Er det tørt og fint vêr blir den liggjande fint, medan dersom det regnar, så flyt han ut meir og meir, seier Kristensen.

Går meir skred når det er vått og kjøleg

Han seier at prinsippa er dei same i naturen dersom det vert våtare i fjellsidene.

For det er nemleg korkje rart eller uvanleg at ein også opplever store steinras også på sommarstid.

– Det har mykje med tilførsel av vatn, regnvêr og oppbløytt jordsmonn å gjere. Det ligg mykje laust oppe i fjellsidene, seier Kristensen.

Stort sett knyter vi ras og rasfare til haust og vinter, men det er ei oppfatning ein kanskje bør endre.

– Vi har hatt nokre kjølege og våte sommarar dei siste åra på Vestlandet, og då ser vi at det går meir skred, seier Kristensen.

Skal lite til før det går skred

– Mange av fjellsidene har fleire hundre meters utstrekning. Då er det ofte noko som ligg på vippen, seier Kristensen.

Han legg til at det også finst rotsprenging, at ting sprengjer ut blokker i sprekkesystemet.

– Ein har issprenging om vinteren, noko som gjer at ting flyttar på seg litt og litt. Så kjem det på vippen, og då skal det berre bittelitt til før det går skred, seier Kristensen.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Raset som stengde vegen mellom Olden og Innvik i går skaper frykt for nye ras blant dei som bur i området. Ekspertar seier vestlendingar må bu seg på fleire ras sommarstid, dersom det ikkje blir mindre nedbør.

Nedbør skaper rasfare - midt på sommaren

Vil komme i rykk og napp

Og årsaka til desse skreda, altså det at fjellsidene er svært bratte, må vi langt tilbake i tid for å finne. Først var det ei landheving på Vestlandet.

Sidan kom Istida og grov ut dalar og fjordar for knappe 10.000 år sidan.

Og då isen forsvann, vart alle dei bratte fjellsidene avdekte.

– Ein del av dei er brattare enn dei eigentleg kan vere når dei ikkje har istrykk på seg. Dermed vil ein del av dei til slutt falle ned, seier Kristensen.

Han seier dette nedfallet vil skje litt i rykk og napp.

– Det meste vil komme ned som mindre blokker og mindre steinar. Men på Vestlandet har vi også store fjellskred, altså skred på opptil millionar av kubikkmeter, seier Kristensen.

«Alt skal til slutt bli flatt»

Han legg til at spenningar i fjella til slutt vil løyse ut desse.

– Alle bratte fjellsider, som er brattare enn det materialet kan liggje på, skal ned. Til slutt skal det bli flatt, seier Kristensen.

Han legg til at spesielt på Vestlandet er dette ei utfordring.

– Det er mange bratte fjellsider på Vestlandet. Mange av dei er altfor bratte. Når istrykket har forsvunne får vi spenningar i fjellet, og det fører til at det vil ramle ned etter kvart, seier Kristensen.

Han legg til at dette har skjedd over 10.000 år, og det kjem til å halde fram minst like lenge.

– Kanskje litt lenger også, seier Kristensen.