Hopp til innhold

Har brukt 33.000 liter til å spyle ned digre fjellblokker

Heile tysdag jobba mannskap på spreng for å få ned fjellblokker og stein som heng i fjellsida ved rasstaden på fylkesveg 60 Olden-Innvik. Vegen vart opna i natt.

Stort ras mellom Olden og Innvik

Stort ras mellom Olden og Innvik

– Dei brukte svære luftputer som dei la inn under den store steinblokka for å presse ho fram. Så nytta dei store mengder vatn for å spyle vekk stein og grus som heldt blokka, fortel Terje Samuelsen i Statens vegvesen.

Fylkesveg 60 vart stengd etter at digre fjellblokker dundra i vegbana utanfor Vanbergtunnelen ved Ugla måndag føremiddag.

Den sterkt trafikkerte vegen i Stryn kommune har sidan vore stengd, og mange har måtte køyre den tunge omvegen E39 via Anda-Lote.

Det er enorme vassmengder som må til for å flytte på ei slik mengd med stein, og framleis pågår arbeidet for fullt.

Oppdatert: Vegen opna for fri ferdsle natt til onsdag.

Har brukt tankbil som tek 11.000 liter

– Dei har ein tankbil som tek 11.000 liter, og dei har iallfall brukt tre tankar. Men dei spyler endå, og det kjem jamnt og trutt ned stein, seier Samuelsen.

Han anslår at det har komme ned om lag fem kubikk med steinmassar.

– Vi håper at vi har fått ned det meste, og når vi er heilt ferdige med spylinga så meiner vi at det meste i dette området har komme ned, seier Samuelsen.

Han peikar likevel på at fjellsida er bratt og at ein aldri kan gi nokre garantiar for at det ikkje skal komme meir stein dundrande.

(Artikkelen held fram under biletet)

Steinras ved Ugla mellom Innvik og Olden

ENORME: Steinblokkene som kom ned måndag, var enorme. Det var berre flaks at ikkje nokon kom køyrande då steinane small i vegen.

Foto: Arne Vik

Har brukt fjellklatrarar

Seks fjellklatrarar har stått for sjølve jobben oppe i fjellsida med å plassere luftputene og spyle.

– Dette har vore eit samarbeid mellom Vegvesenet og entrepernøren på strekninga, seier Samuelsen.

Han seier at arbeidet har gått som planlagt, men at det har teke tid.

– Denne typen jobbar tek stort sett lenger tid enn ein trur, seier Samuelsen.

I 17-tida var vegbana framleis fullstendig stengd av steinmassar, og så lenge spylinga pågår, kjem det stadig ned meir.

Steinblokker sperrar vegen mellom Olden - Innvik

HØG: Dei nedkomne steinane gjorde inntrykk på folk som kom køyrande like etterpå.

Foto: NRK.no-tipsar