Hopp til innhold

Truleg organisert tigging

Politiet har fått fleire meldingar, særleg frå Nordfjord, om utanlandske personar som går på dørene og ber om pengar.

Politiet meiner tigginga ber preg av å vere organisert, då det er fleire i same område samstundes.

Felles er at dei viser fram ein lapp og ber om pengar.

Fleire av dei som har kontakta politiet opplever tigginga som ubehageleg.

Politiet har sålangt ikkje fått meldingar om åtferd som har ført til utrykning.