Hopp til innhold

Heilt uvisst kven som får Sp-plass på tinget

Det er heilt ope kven som skal representere Senterpartiet på Stortinget dersom Liv Signe Navarsete held fram i regjering.

Hjelmeseter, Olsen, Følling

BLIR DET EIN AV DESSE: F.v. Karen Marie Hjelmeseter, Knut M. Olsen og Jenny Følling.

Foto: Vegar Erstad/Brit Jorunn Svanes/Arne Stubhaug / NRK

– Viss eg skal seie noko no så er det at topp-plassen er fast. Ut over det må vi ha korta opne, seier leiar i nominasjonsnemnda i Senterpartiet, Jan Herstad.

Skal sluggerar som Knut M. Olsen eller Jenny Følling til Oslo for å representere Senterpartiet på Stortinget, må dei seie frå seg tunge verv. Det er dei lite lystne på.

Heilt open kamp

Det slo ned som ei bombe i Senterpartimiljøet i juni då Erling Sande sa nei til attval for å få meir tid til familien.

Sande har møtt som varamedlem for Senterpartiet på Stortinget sidan 2005, og har møtt fast etter at Navarsete gjekk inn i Stoltenberg 2-regjeringa.

Dermed er kampen om ein mogleg stortingsplass for Senterpartiet svært open.

For ein nominasjon som såg ut til å bli plankekøyring er med eitt blitt spennande etter at Erling Sande ikkje ville vere med vidare.

– Eg har lyst til å ha meir tid i lag med familien min, sa Sande då han offentleggjorde at han trekte seg.

Vil ikkje nemne namn

For kven skal no ha andreplassen og dermed få stortingsplassen om Liv Signe Navarsete får halde fram i regjering?

– Vi har mange gode representantar å velje mellom i Sogn og Fjordane, så eg trur det skal gå greitt, seier Herstad.

Jan Herstad

GODE KANDIDATAR: Leiar i nominasjonsnemnda, Jan Herstad, trur ikkje det blir problem å få på plass ein god kandidat.

Foto: NRK

– Mange gode, kven er det?

– Eg har ikkje lyst til å nemne namn, seier Herstad.

Kan ikkje kombinerast med storingsplass

Dette er realitetane. På tredje plass på lista i 2009 stod Knut M Olsen, han er no blitt generalsekretær i Senterpartiet. Det kan ikkje kombinerast med ein stortingsplass.

– Nei, det vil vere anten eller. Viss ein har ein plass som gjer at ein er møtande representant, så må ein ta fri frå jobben, slik som i andre jobbar, seier Olsen.

Og for Sogn og Fjordane Senterparti er det svært verdifullt å ha ein generalsekretær frå fylket

– Eg må bruke litt tid når eg tek ferie. Eg må vurdere dette og snakke litt med folk, seier Olsen.

På fjerde plass stod ungdomskandidaten Sandra Strandos. Ho er student og har vore mindre aktiv dei siste åra.

På femteplass stod veteranen Nils Myklebust frå Vågsøy. Han seier det er tvilsamt om han vil stille høgt på lista.

Følling vil ikkje tenkje på det før etter ferien

Jenny Følling var på sjetteplass på lista i 2009 og har sidan sigla opp som fylkesordførarkandidat. Men ho ønskjer ikkje å øydeleggje ferien på eit så vanskeleg spørsmål.

– Eg har lagt det ifrå meg no i ferien. Når eg byrjar på att i august, så skal eg tenkje alvorleg gjennom det, seier Jenny Følling.

Smørbrødlista hennar med verv er blitt lang med fylkesvaraordførar, fylkesleiar i KS, styreleiar i Innovasjon Norge med meir.

– Eg har lyst til å fylle dei rollene på ein god måte. Eg tykkjer det er vanskeleg å bestemme seg for kva eg skal gjere. Difor har eg lagt det vekk til etter ferien, seier Følling.

– Kan det kombinerast?

– Nei, det spørst kvar ein står på lista. Det kjem an på korleis nominasjonsprosessen går. Dei rollene eg har no, krev fokuset mitt, seier Følling.

Hjelmeseter har ikkje tenkt i dei baner

Dette og er viktige verv for partiet som dei nødig har lyst å seie ifrå seg. Dermed kan det opne for ein outsider. Som fylkesleiar Karen Marie Hjelmeseter

Karen Marie Hjelmeseter

IKKJE VURDERT: Karen Marie Hjelmeseter har ikkje vurdert problemstillinga til no.

Foto: NRK

– Erling gav oss litt av eit sjokk. Det vil gi ein nominasjonsprosess som vert litt meir spennande enn kva vi hadde sett for oss, seier Karen Marie Hjelmeseter.

– Kva med deg sjølv?

– Det har eg ikkje spekulert i så langt. Det får vi sjå, seier Hjelmeseter.

Per Kjøllesdal stod på sjuande plass på lista, og Gunn Åmdal Mongstad på åttande. Ingen av dei har tenkt på problemstillinga til no.

Trur mange vil stå på lista

Innan 25. august må Knut M. Olsen og dei andre ha bestemt seg om dei stiller som kandidatar.

Då skal og lokallaga ha sagt si meining. Så blir det ei runde til med innspel før partiet skal

– Det er klart det er spennande. Det er eit viktig val og det er mange som har lyst til å stå på denne lista, seier Herstad.