Hopp til innhold

Marit får hjelp av ein snill snigel til å bli kvitt dei slemme

Marit Bendz i Førde er lei av brunsniglar i hagen. Ho takkar ein annan slimete krabat, nemleg boasnigelen, for at hagen hennar ikkje er full av brunsniglar.

Kollage Bendz og boasnigel

PÅ JAKT: Marit Bendz har til og med funne brunsniglar inne i drivhuset. Til høgre er hennar beste venn i kampen mot brunsnigelen, boasnigelen.

Foto: Eli Eikenæs Vengen/Arild Andersen / NRK/Bioforsk

– Eg hatar brunsniglar. Vi har pinnsvin og boasnigle og det hjelper noko, seier Bendz.

Det er nemleg det nokon gjer feil. Dei hatar sniglar så intenst at dei kvittar seg med alt av sniglar.

Men boasnigelen er din venn i kampen mot brunsnigelen.

– Boasniglen et brunsniglar, så han må du ta godt vare på. Han er stripete med litt flekker på hovudet og vert også kalla leopardsnigle. Og det er ein snigel du vil ha i hagen, seier Bendz.

  • Har du eit godt tips til korleis ein kan kvitte seg med brunsniglen? Del det gjerne i kommentarfeltet under.

Vert skremd over eige hat

Viss du både har boasnigel og pinnsvin i hagen, så hjelper det iallfall på, sjølv om du neppe vert heilt kvitt brunsnigelen på den måten.

Bendz likar dårleg åkersnigel også, men brunsniglen har verkeleg vekt kamplysta hennar.

– Eg blir nesten litt skremt over det hatet eg kjenner djupt nede i magen når eg ser desse brunsniglane, seier Bendz.

Slepper sniglane i bøtte med saltvatn

Når ho ser ein brunsnigel i hagen, fortel ho gladeleg at ho kjenner ei slags hatsk glede.

– Eg tek opp snigelen, slepper han opp i ei bøtte med saltvatn, og så ser eg på korleis ho lid. Det er ganske stygt, seier Bendz.

Som på andre sida har eit barnebarn som ho lærer opp til å bli glad i små kryp, men ikkje brunsniglar.

– Det er ikkje så lett å forstå skilnaden på snille sniglar og slemme sniglar, seier Bendz.

Sjølv er Bendz svært glad for at ho slepp å plukke meir enn eit par sniglar om dagen, og har medynk med dei som har det langt verre.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sniglebøtte

GRØSS: Her er bøtta med saltvatn som Marit Bendz brukar til å ta livet av sniglar med.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Ber naboane om å kjempe saman

For det er hagar rundt omkring som er hardt ramma, der frustrerte hageeigarar må plukke hundrevis av slimete skapningar kvar einaste dag.

Bendz understrekar at dersom nabolag står saman i kampen mot brunsniglen, så er det hakket enklare å verte kvitt det plagsomme dyret.

– Eg og naboen har drivhus mitt i tomtemerket, og så tek vi opp kampen mot brunsniglen i lag. Men det er viktig at alle er med. Er det ti i eit nabolag som tek opp kampen medan den ellevte ikkje gjer det, så kjem ein ikkje så langt, seier Bendz.

Mild vinter har gitt brunsnigleår

Professor i plantehelse ved Bioforsk på Ås, Arild Andersen, er ekspert på brunsniglar. Han kan stadfeste at det er meir brunsniglar enn vanleg i år.

– Det er tydeleg at det er brunsnigleår. Det er mange som ringjer oss og seier at dei har meir brunsniglar i år enn tidlegare år, seier Andersen.

Han trur førre vinter er noko av forklaringa på at brunsniglane ser ut til å stille sniglesterke i mange hagar.

– Vinteren var ganske mild slik at mange av sniglane overlevde, seier Andersen.

Ber folk om å droppe saltet

Han har følgjande råd til dei som slit med brunsniglar.

– Vi pleier ikkje å rå folk til å bruke salt. For saltet må på eit eller anna vis tømmast ut i naturen etterpå. Salt er svært lite gunstig for jorda og for planter, seier Andersen.

Arild Andersen i Bioforsk Plantehelse

HAKK, HAKK: Ekspert på brunsniglar, Arild Andersen ved Bioforsk på Ås, ber folk heller dele sniglane i to framfor å bruke salt.

Foto: Kathrine Brønn / NRK

Han rår folk til å heller dele sniglane i to.

– Med ein spade går det lett å dele dei i to. Då kan du i tillegg bruke dei som eit lokkemiddel slik at du får fleire sniglar du kan ta knekken på, seier Andersen.

Ifølgje Andersen er dette den mest effektive måten å bli kvitt dei på. Ein annan moglegheit er å gjere hagen din mindre attraktiv for sniglar.

– Då må du tenkje på tre ting som sniglane treng, fuktigheit, gøymestader og mat. Du må ha hagen så tørr som mogleg, ta vekk steinmurar eller kompostbinger som dei kan gøyme seg i, samt nytte planter dei likar dårleg som rhododendron og roser, seier Andersen.

Eit heilt unyttig dyr

Og brunsniglen har svært få nyttige funksjonar i naturen. Faktisk ingen.

– Nei, vi kan vel ikkje seie han er til nytte i naturen. Men han inngår i det vanlege økologiske rundspelet. Han et andre ting og så et andre han att. Men nyttig er han ikkje, seier Andersen, og legg til at vi godt kunne klart oss utan.

Brunsniglen vart første gong påvist i 1988, og vi klarte oss jo fint utan han fram til 1987, for å seie det slik, seier Andersen.

Truleg har snigelen komme med planter og jord som har vorte importert.