Hopp til innhold

Kristiane til topps i Göteborg

Kristiane Sekkingstad Terum (12) frå Aurland gjekk heilt til topps på 200 meter i Världsungdomsspelen i friidrett i Göteborg i helga.

Kristiane Sekkingstad Terum

GLAD FOR GULL: Kristiane Sekkingstad Terum.

Foto: Olav Terum

Ho møtte dei beste 12-åringane i Norden, og ei av dei hadde betre personleg rekord enn Kristiane.

– Ho leia løpet til det var 30 meter igjen, men då tok eg ho, og det var deilig, for eg var veldig nervøs før løpet.

Kristiane Sekkingstad Terum

FØRST OVER MÅLSTREKEN: Kristiane konstaterer at ho har vunne.

Foto: Olav Terum

To fjerdeplassar i tillegg

Kristiane kom i mål først på tida 27.90, det er litt dårlegare enn den personlege rekorden hennar på 27.46, men den er sett med god medvind, så ho var godt nøgd med tida og.

I tillegg vart Kristiane nummer fire på 80 meter og nummer fire på 600 meter. Ho starta så smått med friidrett i fjor, og i år har ho delteke i nokre stemne, og innsatsen i Göteborg tilseier at ho har eit stort talent for løp.

Världsungdomsspelen samlar i alt 3000 av dei beste unge friidrettstalenta frå 12 land, dei fleste er frå dei nordiske landa.

Broren har inspirert

Kristiane har saman med foreldra reist mykje rundt når broren Sander har konkurrert, og hans prestasjonar har vore ein stor inspirasjon for henne.

Sander er sjuk for tida og kan difor ikkje konkurrere, fortel pappa Olav Terum. Familien kombinerer ferie og friidrett i Sverige. Det å reise rundt på friidrettsstemne har blitt ein livsstil etter at Sander for nokre år sidan viste seg som eit stort løpstalent. Og no ser søstera ut til å følgje i hans fotspor.

Kristiane trenar friidrett tre gonger i veka. I tillegg er ho med på handball om vinteren.

Sterkt også av Florø-løpar

Også Kristi Strømmen Kjerpeset frå Florø gjorde det svært godt under Värdsungdomsspelen. 14-åringen gjorde ny norsk bestenotering i på 300m hekk.

Med tida 44,30 sletta ho gjeldande bestenotering, som tilhøyrde juniorverdsmeister Isabelle Pederesen frå 2006. Resultatet heldt til siger i stemnet, og Kjerpeset vann også 80m hekk på 11,60.