Hopp til innhold

15-åringen fekk storfisk på kroken

Ein ferietur på Vestlandet førde til kjempefangst for 15-åringen Andreas Austreim. Han fekk nemleg ei kveite på 27 kilo på kroken.

Andreas Austreim og Jon Arild Austreim

DIGER KVEITE: Denne store kveita fiska Andreas og Jon Arild Austreim i Gloppefjorden.

Foto: Marie Gjengedal

Han var saman med onkelen sin, Jon Arild Austreim, på fisketur på sørsida av Gloppefjorden. 15-åringen frå Austlandet trudde snøret sat fast i botn, men så viste det seg at det var ei kveite på 27 kilo og 130 centimeter.

– Vi måtte prøve fire gonger før vi fekk den over ripa og opp i båten, fortel Andreas som aldri før har fått ein så stor fisk på kroken.

Fiska på 45 meters djup

Onkelen måtte hjelpe til og han kjende med ein gong at det var snakk om ein stor fisk.

– Noko slikt har eg aldri fått på kroken før. Andreas fiska den på omlag 45 meters djup, Vi fiska med pilk med makrell som agn, seier Jon Arild.

– Korleis var steminga før de fekk kveita ombord?

– Den var spent og vi lurte på korleis vi skulle få den opp. Då den var i båten, for den rundt.

Skal gi vekk litt av fisken

Kveite er ei delikatesse og 27 kilo fisk er mykje mat. Dei to karane veit ikkje heilt korleis dei skal få brukt opp alt fiskekjøtet. No heng den på eit kjølerom medan dei finn ut kva dei skal bruke fisken til. Onkelen har alt ringd til eit hotell, men dei hadde nok kveite.

– Det blir eit problem å nyttegjere seg av alt sjølv, men vi får vel dele ut til slekt og venner, seier han.

Andreas Austreim og Jon Arild Austreim

FIN FANGST: Dei to karane er nøgde med fangsten sin.

Foto: Marie Gjengedal